NRK Meny
Normal

Patrick bloggar om musikken dei færraste kjenner til

Med barbert hovud, tatoveringar og ein hang for knallhard julemusikk, er Patrick Kjøll Fardal frå Sogndal så langt frå ein rosabloggar ein kan kome.

Patrick Kjøll Fardal

BLOGGAREN OG HELTANE: F.v. Marvin Nygaard (Kvelertak, Beachheads), Torjus Slettsnok (Hjerteslag, Vestindien), Espen Håland (Hold Fast), Jørn Kaarstad (NRK P3 / Bokassa) og Patrick Kjøll Fardal.

Foto: NRK

For mange, kanskje dei aller fleste, så er musikken vi høyrer på den vi kjem enklast til. Via spelelistene til Spotify, Tidal eller Beat får vi med oss Justin Bieber, Kygo og Adele. All den andre musikken har vi lett for å gløyme. Det er nettopp det Patrick Kjøll Fardal vil gjere noko med via bloggen Evig lyttar.

– Eg har aldri vore nokon topp-20-type. Eg har halde meg unna "mainstream"-musikk med vilje, for det er så masse bra musikk frå Norge som mange aldri høyrer om. Eg prøver å halde meg innanfor fleire sjangrar, men det er jo punk og hardcore som er nærmast sjela mi, fortel sogndølen.

Bloggen har fått god respons

Medan dei fleste bloggarane er unge jenter med fokus på utsjånad og mote, er bloggen til Kjøll Fardal alt anna enn det. Men at han likar å skrive om tinga han er oppteken av, er det ingen tvil om.

– Eg studerte eg musikkproduksjon eit år, der lærte eg ein del om god lyd og dårleg lyd. Så tok musikkinteressa mi seg veldig opp, så då tenkte eg at det var på tide å få mine meiningar ut. Eg har ikkje sett andre skrive på same måten som meg på ei musikkside.

– Du skriv jo ikkje om musikk som alle har høyrt om?

– Nei, men bloggen har fått mykje meir god respons enn eg hadde trudd. For nokre veker sidan hadde eg mellom anna intervju med Marvin Nygård som er bassist i Kvelertak og også medlem i Beacheads. Han har to vidt ulike sjangrar som han held på med. Han var kjempehyggeleg, og det gav meg enda meir pågangsmot til å halde fram.

Laga omfattande juleliste

Dei som likar å lese om musikk som er litt meir alternativ enn VG-lista, har no i jula fått servert fleire godbitar frå bloggaren.

– Nyleg la eg også ut ei alternativ juleliste der eg fekk med ein gjeng dyktige musikarar. Alle eg sendte melding til stilte opp og responsen var heilt fantastisk. Det er jo ei liste eg kjem i julestemninga av. Det er jo alt frå Elvis Presley til band som syng om at dei hatar jul. Men det er mest godstemning.

Brenn for musikken

Den gode responsen på julelistene og intervjua gjer at Patrick Kjøll Fardal no vil satse enda meir på å blogge om musikk neste år.

– Eg håpar jo at dette kan utvikle seg vidare. Eg byrja jo bloggen i mars, og lenge har eg hatt eit ønskje om bli ein slags musikkjournalist. Det er musikken eg brenn for, og eg kjem til å halde fram med å skrive så mykje eg har tid til, slår han fast.

Her er Patrick sin eigen julefavoritt:

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå