Hopp til innhold

Pass deg for UP i kveld

Politiet er på plass for å leggje ein dempar på den farlege påsketrafikken. – Vi står klare til å bøteleggje dei som ikkje køyrer forsvarleg, seier politiet.

UP kontroll vest politidistrikt

FART I KIKKERTEN: Einar Vereide og Inge Værøy frå Vest politidistrikt i ein skjult kontroll på E39 mellom Vadheim og Lavik.

Foto: Sigrid S. Botheim / NRK

UP-kontrollar i påsketrafikken har blitt ein like vanleg tradisjon som påska sjølv. Vest politidistrikt er på plass med kontrollar på dei viktigaste utfartsårane i fylket.

Terje Oksnes, UP

Terje Oksnes, distriktsleiar for Utrykkingspolitiet på Vestlandet.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

– Folk har ein tendens til å køyre fort i påska, derfor er vi på plass med kontroll av både fart og promille. Vi har også sivile bilar som følgjer med på påsketrafikken, seier UP-sjef Terje Oksnes.

Politiet brukar store ressursar på kontrollar dei viktigaste utfartsdagane.

– Vi ynskjer ikkje at trafikkmengda og hastverket folk har skal generere fleire ulukke på vegane, seier han.

Politiet i Vest politidistrikt ventar med kontrollar i påska

PÅ PLASS: Ikkje eit uvanleg syn i påskeveka. UP er på plass med kontrollar fleire stadar i fylket denne veka. Foto/redigering: Sigrid S. Botheim

Jamn trafikkstraum

Vegvesenet opplevde mykje trafikk før palmehelga, men ventar også ein jamn trafikkstraum skjærtorsdag.

– Det er ein del som sluttar tidleg i dag, derfor må ein vere budd på ein del trafikk. Likevel verka det som om at fredag var den store utfartsdagen, seier Morten Hansen i Statens vegvesen i region Vest.

Ventar kø første og andre påskedag

Dei reknar med meir trafikkaos mot slutten av påska, då folk reiser heim frå ferie.

– Om vêrmeldingane held og det vert fint vêr vil folk gjerne nyte også dei siste dagane av ferien. Derfor er det sannsynleg med eit større trykk dei dagane folk skal heim. Gjerne ettermiddagen andre påskedag.

Politiet fryktar dette fører til dårlegare åtferd i trafikken.

– Med kø og tett trafikk skal det meir til at folk køyrer for fort, men vi ser enkelte som er svært utolmodige og pressar seg fram. Det kan skape trafikkfarlege situasjonar og irritasjon blant andre trafikantar.

Både Vegvesenet og politiet oppmodar folk til å ikkje la seg stresse.

– Følg med på radio og trafikkmeldingar, ta det med ro og nyt ferien også i bilen, seier Hansen.