Hopp til innhold

På leit etter nytt studentlokale i Sogndal

Behovet for vedlikehald er så stor at Studentsamskipnaden ønskjer nye studentlokale i Sogndal. Om under 10 år håpar dei å kunne erstatte Meieriet med eit anna lokale.

Meieriet i Sogndal

STUDENTHUSET: Det gamle Meieriet har i mange år fungert som samlingsstad for studentar og ungdommar i Sogndal. No er behova for vedlikehald store.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Om alt går etter planen håpar me på å ha eit nytt lokale innan 2024, fortel administrerande direktør for Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane, Randi Marie Sjøholt.

Studenthuset Meieriet er velkjent langt utover fylket sine grenser, men snart kan dette vere historie. Leigekontrakten går ut i 2023, og leitinga etter nye lokale er i gong.

Store kostnadar

Å drifte eit studenthus i eit 100 år gamalt lokale, byr på utfordringar. Det gamle meieriet har store vedlikehaldsbehov, og kva utgifter som ventar er vanskelege å føresjå, meiner Sjøholt.

– Me fryktar at vedlikehaldskostnadane kan bli store. Det er avgrensa kor store utgifter me kan dekke, då dette må finansierast av drifta.

Dei siste åra har Meieriet hatt eit overskot på mellom 200.000 og 250.000 kroner. Av desse har 100.000 kroner gått til vedlikehald.

Vil eige sjølve

I tillegg har studentsamskipnaden eit ønskje om sjølv å eige studenthuset. Då Meieriet skifta eigarar i 2013, håpa Studentsamskipnaden å overta eigarskapet. Men det Coop-eigde bygget vart då overteke av AH Bygg.

– Som eigarar har ein betre kontroll og større fridom til å tilpasse bygget til våre behov. No er me på utkikk etter eit lokale der me kan gå inn som eigarar, seier Sjøholt.

Ho fortel vidare at dei har idear til lokale, men at ingenting er konkret endå.

Blanda kjensler

– Eg ser både ulemper og fordelar ved eit eventuelt skifte av lokale, fortel driftsansvarleg for Meieriet, Anders Føllesdal.

Det karakteristiske bygget, er for mange kjernen i studentlivet i Sogndal. Arrangementa som går føre seg her, er populære, og lokalet er viden kjent. Samstundes ser også Føllesdal behova for vedlikehald.

– Vaktmeistergjengen vår har mykje å gjere. Dei tek seg av enkle gjeremål, som måling og møblering. Men det er nok mykje som må gjerast, som er meir omfattande enn det, seier Føllesdal.

Han legg også til at kapasiteten gjerne skulle vore større, då mange av arrangementa blir utselde på kort tid.

Saka om å skifte lokale, har ikkje har vore oppe i styret i Meieriet. Dette fordi det ikkje er noko som blir gjort noko med i år.

Avventar nye lokale i Førde

Også i Førde er behovet for nye lokale stort. Studentane krev nye lokale, då kapasiteten på studentkroa Akutten er sprengd.

– Me har diskutert om me skal finne nye lokale i Førde også, men me har ingen eksakte planar slik det er no, fortel Sjøholt.

For fem år sidan gjekk Akutten med store underskot. Men no har aktiviteten auka stort, simultant med overskotet. Sjøholt er derimot ikkje overtydd om at populariteten er varig:

– Dette kan jo vere ein kortvarig trend. Difor har me valt å avvente situasjonen.