Hopp til innhold

– Me i Førde er «underdogs»

Talet på studentar i Førde veks. Det gjer derimot ikkje studentlokalet, som berre har kapasitet til 16 prosent av studentane. – Ikkje haldbart, meiner studentorganisasjonane.

Akutten

STAPPFULLT: – Studentkroa (Akutten) har per dags dato ikkje den kapasiteten og tilrettelegginga me treng, seier fleire studentorganisasjonar og klagar på at Sogndal-studentane har det betre.

Foto: Akutten

– Studentane i Førde blir ikkje teke vare på av HiSF. I Sogndal er eit stort lokale, Meieriet, og i tillegg høyrer me at dei skal få eit nytt. Førde blir nedprioritert atter ein gong, fortel Tord Holmen, leiar i Studentsamfunnet i Førde.

Ved kvart arrangement er det lange køar utanfor Akutten. Studentkroa er det einaste lokalet som er meint for studentarrangement i Førde.

Med kapasitet på 120 personar, er det berre ein brøkdel av dei totalt 750 studentane som får delta. Etter lang tid med sprengd kapasitet, har studentane no fått nok. Dei krev betre lokale.

Set dagsorden

Onsdag vart det difor sendt ut brev til Høgskulen, signert Studentsamfunnet i Førde, SuperVeka, Linjeforening for ingeniør og forkurs i Førde, og NITO-studentane ved HiSF.

– Studentkroa har per dags dato ikkje den kapasiteten og tilrettelegginga me treng. Me ser det som nødvendig å sikre studiekvaliteten ved at det vert bygd eller leigd nye lokale, fortel dei.

Akutten

SAMLA: Studentane samlast på Akutten til forskjellige arrangement, men det er ikkje god nok plass, meiner dei.

Foto: Akutten

– Me er «underdogs»

Årsaka til det auka behovet, er kraftig vekst i tal på studentar og i aktiviteten rundt studentkroa dei siste åra. No er difor kroa frå 2009 for lita for å dekke studentane i Førde sine behov.

Tord Holmen gler seg over veksten i tal på studentar ved HiSF, men no må dei få ein betre sosial arena som er tilpassa dette – og det fort.

– Akutten er ikkje lagt til rette for noko som helst. Skal me kunne ha eit godt studiemiljø i Førde, må me kunne tilby lokale som rommar dei som vil vere med på aktivitetane, seier Holmen.

Viktig at studentane får eigne lokale

– Eg tok imot brevet i går, og synest det er fullt forståeleg at studentane set dette på dagsorden. Me er klar over at lokala er for småe, fortel Randi Skår, dekan på HiSF, campus Førde.

Ho har no invitert studentorganisasjonane til møte neste veke, for å sjå kva som kan bli gjort for å betre situasjonen. Men ho peikar på at plassmangel er ei utfordring for campusen som heilskap.

Akutten

AKUTTEN: Slik ser det ut utan folk.

Foto: Akutten

Mistar lokale

– Me har ansvar for studentvelferda, og har tett kontakt med studentane. Me har lagt til rette for at studentane kan bruke dei lokalitetane me har her på campus, men det er viktig at dei har eigne lokale som dei kan nytte som dei vil, seier Skår.

Det årlege arrangementet SuperVeka har måtte låne lokale av Høgskulen for å kunne ha større arrangement. Men no forsvinn denne moglegheita.

Festsalen på campusen skal nemleg pussast opp og gjerast om. Dette skjer då Høgskulen har behov for eit større auditorium, fortel Skår.

Studentorganisasjonane håpar difor på ei snarleg løysing, for å kunne halde oppe studentaktiviteten og gje det tilbodet studentane i Førde bør ha.