Hopp til innhold

På fredag skal det nye storfylket få namn

«Vestlandet» er førehandsfavoritten når politikarane på fredag skal bestemme det nye namnet på Hordaland og Sogn og Fjordane. Det er det ikkje alle som er fornøgde med.

Quiz, februar 2019

SKAL SAMLE SEG: Sogn og Fjordane og Hordaland blir til eitt fylke. Her ifrå Nærøyfjorden i Sogn.

Foto: Heidi Fagna / NRK

– Politikarar er ei folkegruppe som ikkje er særleg kreative, seier politikar for MDG Stein Malkenes.

Malkenes er den einaste av fylkestingspolitikarane som har annonsert at han kjem med eit alternativt forslag til kva det nye storfylket skal heite.

Stein Malkenes meiner kystradioen i Florø er viktig for båtfolket.

VIL HA FJORDANE: Stein Malkenes frå MDG foreslår at det nye fylket skal heite «Fjordane».

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

– Vi i Miljøpartiet dei Grøne foreslår at fylket skal heite «Fjordane». Både Hordaland og Sogn og Fjordane ligg midt i fjordnorge, og fjordane våre er noko av det vi er kjent for både nasjonalt og internasjonalt, seier Malkenes.

Blant politikarane ser det likevel ut til at det er namnet «Vestlandet» som har vunne fram.

– Vi har kome fram til at det er det mest naturlege namnet. Vi er på det sentrale Vestlandet. Når ein kjem lenger nord er det «nordvestlandet» og når ein kjem lenger sør er det «sørvestlandet», seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling (Sp).

Les også: No har Stortinget vedteke det nye storfylket.

Nabofylket protesterer

I nabofylket i nord er det ikkje alle som er einig med Følling og dei andre politikarane. Også i Møre og Romsdal vil dei fleste meine at dei høyrer til landsdelen Vestlandet.

– At to fylke forsøkjer å gjere krav på Vestlandet, det er mangel på fantasi. Geografibøkene er allereie skrivne, og der står det at Vestlandet består av fire fylke, seier fylkesordførar i Møre og Romsdal Jon Aasen (Ap).

Jon Aasen

SNURT: Jon Aasen i Møre og Romsdal meiner at Vestlandet er meir enn berre Sogn og Fjordane og Hordaland.

Foto: Trond Vestre / NRK

Også Språkrådet har protestert mot namneplanane til politikarane.

– «Vestlandet» er eit godt namn, men ikkje om berre to av dei fire fylka er med. No vil meir enn halvparten av alle vestlendingar bu utanfor dette fylket, seier Daniel Ims seier seksjonssjef i Språkrådet Daniel Ims.

Jenny Følling

VIL HA VESTLANDET: Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) håpar på «Vestlandet».

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Skal bestemme seg ved Gulatinget

«Hordafjord», «Gulafylke», «Nordre Bergenhus» og «Fjordfylket» er nokre av dei forslaga som har kome inn frå lyttarane til NRK i dag. Når dei to fylkestinga skal treffast på den historiske gulatingstaden i Gulen på fredag får vi det endelege svaret på kva namnet blir.

Fylkesordførar Jenny Følling har fått med seg at debatten vekkjer kjensler, og trur det kjem til å bli ein debatt også blant politikarane på fredag.

– Når ein skal døype barnet, så er det mange meiningar i familien, slik er det. Eg håpar at fylkestinga held fram med det namnet som har vore tale om, nemleg «Vestlandet».