Hopp til innhold

Forelska P3-Ronny frå kjærleiksferie i Hellas til flomvarsel på Nordfjordeid

Ein solbrun, forelska og blid Ronny Brede Aase nyt sommarferien fullt ut. No går turen frå kjærleiksferie i Hellas til Malakoff-festivalen.

Ronny Brede Aase

SNURRA HJULET: Programleiar Eli Eikenæs Vengen og Ronny Brede Aase kosa seg i lag under dagens morgonsending.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ronny Brede Aase frå Førde er for mange kjent som ein sprudlande og blid stemme på P3 Morgon. I dag var han gjesten til programleiar Eli Eikenæs Vengen i NRK Sogn og Fjordane. Sommarkropp, kjærleik og musikk var tema han måtte svare på.

Har blitt flekkete på kroppen

Aase kjem rett frå ei veke ferie i Hellas saman med kjærasten Tuva Fellman og sjølv med solfaktor 30 på ein vinterbleik kropp, har han fått farge.

– Eg har blitt litt flekkete fordi solkremen hamnar ujamt på. Eg har storkosa meg og bada masse. I tillegg har eg ete mykje gyros, fortel han.

P3-Ronny tykkjer det er kjekt å komme heim til Førde sjølv om det høljar ned.

– Det er alltid fint å komme heim sjølv om det er trist og grått. Eg får treffe familie og vener og slappe av.

Programleiar for Sommarlutt

Men i morgon må han jobbe litt sjølv om han har ferie. Han er nemleg programleiar for Sommarlutt som blir sendt direkte i radio og nett-TV. Konserten blir i sentrum av Nordfjordeid mellom 13 og 15, like før det brakar laust på festivalområdet.

– Dette blir kjempestas. Eg har så vidt kikka på yr.no og det ser ut til at vêret blir bra. Det blir ei spennande sending med mange unge og flinke artistar frå Sogn og Fjordane.

Håper han ikkje blir for nervøs

Sjølv om programleiaren har god erfaring med direktesendingar, er han likevel nervøs framfor morgondagens sending.

– Eg er sjølvsagt nervøs og det er bra fordi eg skal jo levere. Dette blir skikkeleg bra og eg gler meg.

– Kor nervøs er du på ein skala frå ein til ti?

– I dag er på ein god sjuar. Då eg var med på å leie VG-lista topp 20 på Rådhusplassen framfor 100.000 personar for nokre år sidan, var eg på ti på skalaen. Det hugsar eg ikkje at eg var med på, for eg fekk heilt blackout. Den konserten er fjerna får minnet mitt.

Eli snurrar Sommarhjulet

Så er tida komen til å prøve Sommarhjulet som alle morgongjestane til NRK får prøve. Det er flott dekorert med mange post it-lappar i forskjellige fargar.

Programleiar Eli Vengen Eikenæs snurra hjulet og Ronny skal svare det første han tenkjer på i kvar kategori.

  • Kjærleik

– Det går bra og det er fint. Når det gjeld kjærleik er alt på stell. Det blei ein fin kjærleiksferie i Hellas. Vi har hatt det heilt topp saman.

– Kven var din første kjærleik?

– Då må eg tenkje, hmmm. Den første gongen eg kjente hjarta banka litt ekstra var nok på vidaregåande. Det var ei jente i klassen som skulle slutte og eg hugsar godt kjensla eg hadde i kroppen.

  • Sommarkroppen

– Den har eg ikkje, haha. Men eg har jo blitt brun i Hellas, sjølv om overarmen ikkje blir like brun som resten. Den nektar å bli brun.

– Kva betyr sommarkropp for deg?

– Folk skal ikkje streve så mykje med det. Du skal trivast med deg sjølv og vere glad og lykkeleg. Eg klarar det sånn passe og har blitt flinkare å vere aktiv.

  • Heimfylket

– Det er alltid stas å komme heim. Det er også stas å komme frå Sogn og Fjordane. Ein stor del av identiteten min er herifrå og eg likar å prate positivt om fylket. Det er behageleg å komme heim for å besøkje dei eg kjenner her.

  • Musikk

– Eg elskar musikk, det er noko av det viktigaste i livet mitt. Musikk gjer meg glad og kan bringe meg tilbake til der eg var då eg høyrde låta for første gong.

– Kva låt må du høyre i sommar?

– Eg gler meg til å sjå Biffy Clyro og The Tallest Man On Earth på Malakoff. Det trur eg blir magisk og gode opplevingar. Eg har også ein« hang out» på bandet The 1975. Dei er i ferd med å bli gigantiske.

– Eg diggar også ei norsk jente som heiter Emile Nicolas. Ho har ein fantastisk versjon på engelsk av Dum Dum Boys sin Pstereo.

  • Overnatting

– Eg er ikkje ein teltfyr og skal heldigvis bu på hotellrom under Malakoff. Men eg har også bede om ein plass der eg kan setje opp telt, så eg skal test ut teltlivet om vêret er bra. Det betyr at eg kan henge rundt på campen, men stikke på rommet om vêret er dårleg eller eg treng ein god og varm dusj, ler han.

  • Lektyre

– Akkurat no er eg nesten ferdig med Kafka på stranden av Haruki Murakami. Den er veldig spennande, rar, sjarmerande og sårbar.

– Kva slags sjanger likar du?

– I alle fall ikkje krim. Eg får det ikkje heilt til med til dømes Jo Nesbø, heller ikkje anna krim. Når eg les ei bok, må eg oppleve noko saman med ein annan person der verda er større og meir annleis enn eg trudde.

  • Sosiale medium

– Eg er veldig til stades der. Eg elskar Instagram. Det er ei flott teneste der du legg ut bilete og litt tekst. Du speglar livet ditt gjennom bileta.

– Kor viktig er sosiale medium for deg?

– Eg slepp ikkje unna og har også vore på Facebook og Instagram medan eg var i Hellas.

Fredag kan du altså høyre Ronny Brede Aase som programleiar for NRK Sommarlutt under festivalen Malakoff på Nordfjordeid. Konserten blir i sentrum og startar klokka 13. Høyr den direkte i NRK P1 og sjå den i nett-TV.