Hopp til innhold

Desse kjem til årets Sommarlutt

Unge og viljesterke artistar er klare for å gi gode musikalske opplevingar under årets Sommarlutt.

Eva Weel Skram, Ola Weel Skram, Sigrid Moldestad og Georg Lipai

PÅ SAME SCENE: Eva Weel Skram, Ola Weel Skram, Sigrid Moldestad og Georg Lipai er nokre av artistane som skal stå på Sommarlutt-scena på Nordfjordeid i sommar.

Foto: Montasje

Fredag 19. juli brakar det laust på Nordfjordeid på Sommarlutt-scena. Lutt-redaksjonen har blanda både etablerte og uetablerte artistar.

Festivalsjef Arnt Ivar Naustdal

- Blir KJEKT: Festivalsjef Arnt Ivar Naustdal trur konserten blir ei flott oppleving for publikum.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Konserten er eit samarbeid mellom NRK Sogn og Fjordane og Malakoff Rockfestival. Målet er å skape merksemd og speleplassar til musikarar frå fylket.

– Dette blir veldig kjekt. Det var ei flott ramme rundt konserten i fjor, og med dei artistane vi har i år, blir det om mogleg endå betre. Det har blitt ein tradisjon å få med seg denne konserten før ein går inn på festivalområdet, seier Arnt-Ivar Naustdal som er festivalsjef for Malakoff Rockfestival.

Sigrid, Eva og Alexander spelar saman

Fokuset har vore å plukke artistar frå Sogn og Fjordane og Naustdal meiner dei har plukka nokre av dei beste.

Ewa Weel Skram, Sigrid Moldestad og Alexander Pavelich har alle tre sterke musikalske karrierar kvar for seg. I sommar spelar dei saman for aller første gong.

NRK P1 - Sogn og Fjordane: Stian Sjursen Takle.

GLER SEG: Prosjektleiar Stian Sjursen Takle ser fram til ein fin konsert med spennande artistar.

Foto: Jon-Annar Fordal

Prosjektleiar for NRK Sommarlutt, Stian Sjursen Takle, gler seg til dette samarbeidet.

– Eg trur samarbeidet mellom Sigrid, Eva og Alexander blir veldig spennande, og kan bringe noko nytt inn i musikken deira. Det er jo fleire av popmusikarane som får auga meir og meir opp for å blande inn folkemusikksjangeren. Så dette gler eg meg til, seier han.

Idol-kjendisar kjem også

Dei to unge musikarane Ola Weel Skram og Georg Lipai kjem også til Nordfjordeid. Dei var begge nyleg med i finalerundane i Idol. Under Sommarlutt skal dei gjere ein duett saman, i tillegg skal dei opptre med kvar sin låt.

– Eg er veldig glad for at vi har klart å halde ein så ung og ny profil på artistane i år. Det har vore eit mål for årets versjon av Sommarlutt, og viser ei fin framtid for musikk frå Sogn og Fjordane.

P3-Ronny er programleiar

Ronny Brede Aase

LEIAR SHOWET: Ronny Brede Aase er ein kjent morgonstemme på P3. No kjem han til Eid.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Den som skal binde det heile saman er P3-programleiar Ronny Brede Aase. Han er ein kjent stemme for mange som lyttar på P3 Morgon. Ronny får deg i betre stemning med sitt fantastiske vesen og engasjement. Han er dei av dei mest kjende og likte programleiarane i Norge.

Konserten blir sendt direkte på P1 Sogn og Fjordane og i nett-TV fredag 19. juli.

Desse kjem til NRK Sommarlutt på Malakoff Rockfestival:

  • Ronny Brede Aase frå P3 Morgon
  • Eva Weel Skram
  • Sigrid Moldestad
  • Alexander Pavelich
  • Ola Weel Skram
  • Georg Lipai
  • Lommerosk
  • Iselin Solheim
  • Aleksander Raftevold
  • Special Kids Unit
  • Xzwer