Hopp til innhold

- Eg får mange hat-epostar

Ikkje alle likar dialekt og nynorsk, det har Ronny Brede Aase i NRK P3 fått erfare.

Ronny Brede Aase

Ronny Brede Aase har teke sommarferie og var sommargjest hos NRK Sogn og Fjordane.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Eg veit ikkje kor mange mange hat-epostar og tekstmeldingar eg har fått frå folk som hatar meg over alt på jord, fortel 23-åringen frå Førde.

– Tykkjer eg er litt rar

Morgonverten på P3 Morgon tykkjer han blir litt utrygg av at mange meiner noko om han. Inntrykket hans er at det er 17-åringar som er oppvaksne i Oslo og som går på vidaregåande skular som mislikar han mest.

– Dei er frå vestkanten, tek medieutdanning og har eigne bloggar. Eg trur dei tykkjer at han fyren med dialekt er litt rar og mange skriv at det høyres ut som om eg jobbar i ein dårleg lokalradio. Det virkar som om det er greitt å ta ein med dialekt.

Men mange likar han

Men heldigvis får han også mange meldingar frå folk som likar det han driv på med.

– Det er mange som set pris på nynorsken og tykkjer det er artig når eg kjem med dialektord. Dei likar han joviale karen frå distikts-Norge. Han som er litt for glad i Grandiosa til å passe inn i P3.

Debuterte foran 80 000

VG-lista topp 20 i Oslo

80 000 store og små hylte på Rådhusplassen i Oslo.

Foto: NRK
Live Nelvik og Ronny Brede Aase

Live Nelvik og Ronny Brede Aase på scena i konserten til VG-lista Topp 20.

Foto: NRK

Rett før Brede Aase gjekk ut i ferie, leia han Nordens største gratiskonsert med eit pulikum på 80 000 og endå fleire TV-sjåarar. Verten i P3 Morgon hadde aldri laga TV før og fekk debuten sin foran eit stor publikum.

– Det var stort å vere med på VG-lista Topp 20 i Oslo. Men då eg stod bak scena og fekk beskjed om at det var to minutt igjen, då tenkte eg at dette overlever eg ikkje. Eg trudde eg skulle segne om. Hylinga frå publikum var intens.

Fekk fast jobb

Brede Aase har jobba i NRK sidan 2006 då han var sommarvikar i NRK Sogn og Fjordane. Deretter gjekk turen til P3 i Trondheim før han hamna i Oslo.

Og i dag kom gladmeldinga om at han har fått fast jobb.

– Det har eg venta ei stund på. Det er stas at NRK kan tenkje seg å ha meg til eg blir 67 år. Det er ei kjekk melding å få.