«Kremtoppen» er ei liste over dei mest populære kjendisane i Norge og nettlesarane kan stemme fram favoritten sin.
– «Sprer morgenglede i «P3morgen» på sin vakre Førde-dialekt!» står det om Ronny på Kremtoppen til sol.no.
– Fabelaktig
23-åringen frå Førde er kjent for mange som morgonvert i P3 Morgon. Han er nesten litt stolt over at berre to er framføre han på lista, nemleg TV-personlegheiten Truls Svendsen og Niklas Vindel som kom til finalen i Paradise Hotel.
Niklas Vindel, til venstre på bilete, ligg på 2. plass.
Foto: TV3– Eg tykkjer dette er heilt fabelaktig. Målet mitt då eg var utfordrar var å slå iallefall ein Paradise Hotel-deltakar, og det har eg klart fordi Paradise-Petter hamna på 10. plass. Så dette er stas, ler han.
Vurderer å mobilisere
Ronny fortel at han ikkje vågar å håpe på betre plassering den neste veka, men vurderer å mobilsere litt for å overleve litt til på lista.
– Kanskje eg kan sende lenka til avstemmninga til venene mine på Facebook. Det hadde vore digg å vere med ei veke til.
– Betre å spre glede enn å vere rundbrennar
Ronny Brede Aase vil helst vere kjent for å spreie glede til radiolyttarane.
Foto: Anne Liv Ekroll / NRKPå «Kremtoppen» blir Brede Aase altså framheva på grunn av han spreier glede og har vakker dialekt. Om Niklas Vindel står det at han er ein rundbrennar frå Drammen. Dette plagar han ikkje.
– Eg er nok ikkje like populær som ein som har vore med i Paradise Hotel, men det er greitt. Eg vil heller vere han som spreier morgonglede enn han som er rundbrennar.
– Du har iallefall klart å slå villmarksguru Lars Monsen på 5. plass?
– Ja, det er ganske digg å slå han og den tidlegare toppsyklisten Dag Otto Lauritzen, altså folk som driv med sport. Eg har kome høgt opp utan å vere veltrent, faktisk utan å vere trent i det heile.
Blir ikkje gjenkjent
Sjølv om han er ein populær programleiar, er han ikkje plaga av at folk kjenner han igjen på gata. Han trur heller ikkje at «Kremtoppen» vil gjere til at folk snur seg etter han på gata.
– Nei, og det er ikkje så viktig for meg. Eg jobbar med radio og er mest oppteken av programmet mitt.