Hopp til innhold

Ordførar tar oppgjer med ordførar-livsstilen

Leikanger-ordførar Jon Håkon Odd tar no grep etter at ordførar-livsstilen og ferielivet viser att på magen. No ser han etter tolmodige turkameratar.

Jon Håkon Odd, Leikanger

UT PÅ TUR: Jon Håkon Odd var på tur i helga og innsåg at han no må gjere noko med livsstilen.

Foto: Privat

Ein kvardag med møter, kringler og bufféar kan etter kvart bli tungt for kroppen. Denne dietten er nok kjend for mange ordførarar, og for ordføraren i Leikanger, Jon Håkon Odd, har det no blitt nok.

Søndag posta han eit innlegg på Facebook der han seier at han skal kutte 20 prosent av vekta si. I innlegget etterlyser han turkameratar i same situasjon, og som kan vere tolmodige turkameratar når kutta skal gjennomførast.

– Det handlar mest om ein ordførar som var ute på nokre turar no i helga og merka at det ikkje gjekk så fort som han ville, seier Jon Håkon Odd.

Vil ikkje på ergometersykkel

«Operasjon valflesk er i gong», seier han på Facebook, sjølv om det er lenge til neste val.

– Det er lite valtankar enno. Det handlar om at eg ser at eg må gjere noko med både livsstil og magefeitt, men eg er ikkje typen til å gå på eit treningssenter, seier ordføraren.

Han ser på dette som ein sjanse til å både komme i betre form, gå ned i vekt, komme ut i flott natur, og møte nye turfeller.

Odd trur ikkje det er fare for ein ordførar-epidemi, men at ein skal tenke seg om når det er mange konferansar.

– Møtematen har endra seg

Arve Helle

BETRE NO: Tidlegare Fjaler-ordførar, Arve Helle, merka betring i møte-dietten gjennom tolv år som ordførar.

Foto: Johan Moen / NRK

Arve Helle var ordførar i Fjaler i tolv år, og har derfor lang erfaring med møtematbordet.

– Eg hadde nokre utfordringar der. I periodar var det travelt, og det er samtidig god tilgang på mat, seier han.

Men han merka ei endring i løpet av si fartstid.

– Møtematen har endra seg. Der det før var wienerbrød bruker det no å vere frukt, så det er betre no enn det var tidlegare, seier han.

Når møtesesongen byrjar igjen, kan det vere ei løysing for Odd å fremje forslag om sunnare møtemat. Men det er ikkje berre enkelt.

– Eg har nokre kollegaar som eg er veldig redd for å ta wienerbrøda frå, så eg veit ikkje om eg tør det, seier ordføraren.

Ordførarar saman på tur

Ordføraren jublar over opprykk

INVITERER: Ordførar-kollega Jarle Aarvoll i Sogndal, inviterte sporenstreks til ordførartur i Sogndalsdalen.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Leikanger-ordføraren fekk sporenstreks ein SMS frå sin ordførar-kollega i Sogndal, etter at han hadde lagt ut innlegget på Facebook.

– Den første som inviterte meg med på tur var naboen min i aust, Jarle Aarvoll, som ville ha meg med på fjelltur i Sogndalsdalen.

Og no kan det hende at eit ordførar-turlag ikkje er så langt unna.

– På ordførarsamlingane håper eg no å bli invitert med på tur, og ikkje berre på restaurant. Det er mange konferansar med hotell-lønsjar, og på buffé krevst det ein del sjølvmeistring, ler Jon Håkon Odd.