NRK Meny
Normal

Ordførarar rasar mot kritikken - meiner det blei gjort ein formidabel innsats

Ordførar Noralv Distad i Aurland meiner beredskapen fungerte under brannane i Lærdal og Gudvangatunnelen. Han får støtte frå ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, som meiner kritikken er urettmessig.

Vogntog i brann i Gudvangatunnelen

RANN I VOGNTOG: Det blei ei dramatisk oppleving for bilistane som var i Gudvangatunnelen då det byrja brenne i vogntoget.

Foto: Monika Blikås

Noralv Distad, ordførar Aurland kommune

KRITISK: Ordførar Noralv Distad i Aurland er overraska over innhaldet i rapporten.

Foto: Margunn Tolleshaug, Aurland kommune

– Ei anna organisering ikkje ville endra utfallet, meiner Aurlands-ordføraren.

I ein evalueringsrapport som blir lagt fram i dag, kjem det mellom anna fram at Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) meiner at det norske brannvesenet ikkje er organisert for å leie og handtere store og kompliserte hendingar.

Distad kjenner best til brannen i Gudvangatunnelen, der 70 personar vart sende til sjukehus etter at ein trailer tok fyr inne i tunnelen. Han meiner brannmannskapet der var raskt på plassen, og at dei viste handlekraft i ein svært krevjande situasjon.

– Eg er overraska over innhaldet i rapporten. Eg opplevde to brannar på nært hald i Gudvangatunnelen og i Lærdal, og mitt inntrykk er at det var gjort ein formidabel innsats, seier han.

– Brannen vart handtert på ein god måte

I rapporten om Gudvanga-brannen går DSB direkte i strupen på korleis brannsjefen gjekk inn i tunnelen, i staden for å leie arbeidet frå utsida. Distad meiner brannen vart handtert på ein god måte.

– Frå alarmen gjekk om brannen i Gudvangatunnelen til mannskapet gjekk inn, sløkte brannen og fekk personane ut frå ein 11 kilometer lang tunnel, gjekk det om lag to timar. Eg meiner dei gjorde det meste rett. Dette var eit mannskap som viste dyktigheit og handlekraft i ein vanskeleg situasjon, seier han.

Distad vil ikkje vere med på at det norske brannvesenet ikkje er organisert for å leie og handtere store og kompliserte hendingar.

– Det er sikkert gjort feil i konkrete hendingar, det skal vi gå grundig gjennom og lære av. Men vi kjem til å halde fram med eit sterkt lokalt brannvern, seier han.

– Det kjennast urettmessig

Jan Geir Solheim

GOD HANDTERING: Ordførar Jan Geir Solheim i Lærdal meiner brannen vart handtert på ein god måte.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

Ordførar i Lærdal kommune, Jan Geir Solheim, har ikkje lese rapporten, men er overraska over innhaldet han har fått presentert.

– Eg er overraska og det kjennast urettmessig at dei kjem med kritikk etter den handteringa vi hadde i Lærdal. Men eg vil lese rapporten for å sjå kva den kritikken går på, seier Solheim.

Ordføraren har heile tida meint at ein må ha ei brei evaluering, og Solheim hadde venta at rapporten ville peike på at ting kunne ha vore annleis.

– Det er viktig å huske at vi evakuerte veldig mange menneske og det var ingen menneskeliv som gjekk tapt. I tillegg var responstida svært kort og vi fekk stoppa brannen på eit veldig vanskeleg tidspunkt, seier han.

Rapporten peikar på at små brannkorps ikkje har store nok einingar til å handtere store og kompliserte hendingar. Solheim seier han har høyrt denne kritikken frå dag ein.

– For det fyrste var storleiken på denne brannen slik at ingen brannkorps kunne løyst denne brannen aleine. Vidare var vêrsituasjonen heilt ekstrem med den vinden som var under brannen, så ingen kan lastast for brannen i Lærdal, seier ordføraren.

Nærleik og lokal kompetanse er avgjerande

Direktør Anne Rygh Pedersen i DSB si avdeling for brann og redning seier til Aftenposten at Norge har for mange små einingar og at det er stort behov for samanslåing over heile landet.

– Vi har i dag 260 brannsjefar og 286 einingar. Dei fleste er bitte små, og vi har behov for vesentleg større einingar for å kunne dyrke fram den leiarkompetansen vi treng, seier ho.

Ordførar Noralv Distad i Aurland er nøgd med at det kjem ein evalueringsrapport. Han meiner det er rapporten sin jobb å påpeike svakheiter, som ein kan dra lærdom av i framtida.

– Men eg ser ikkje det som aktuelt for oss å slå oss saman. Vi har så mange brannobjekt, så stor trafikk og så stor aktivitet i området med mange tunnelar at vi må ha sterk lokal leiing og sterkt kompetent og godt mannskap. Nærleik og lokal kompetanse må vere avgjerande heile vegen for at ein skal gjere jobben, seier han.

– Uvanleg og unødig sterk kritikk

Jenny Følling

OVERRASKA: Leiar i KS i Sogn og Fjordane er overraska over den sterke kritikken i rapporten frå DSB.

Foto: Alf Vidar Snæland

Leiar i KS i Sogn og Fjordane, Jenny Følling, har ikkje lese rapporten i sin heilskap, men er overraska over den krasse kritikken av dei kommunale brannvesena.

– Eg må få sette meg inn i dei punkta som ligg i rapporten, men min umiddelbare reaksjon er at dette var uvanleg og unødig sterk kritikk av kommunane som har stått midt oppe i krisene, seier ho.

Følling peikar på at rapporten er særskilt krass på enkelte områder.

– Dei kan ikkje peike på at utfallet av brannen hadde vore annleis om ein hadde ei anna organisering. Så det er viktig å ta med seg når ein skal gå gjennom rapporten, seier ho.

Vil ikkje gjere endringar

Distad seier at for Aurland sin del, er det ikkje aktuelt verken å svekke leiing eller mannskap.

– Vi har eit så stort ansvar at vi vil ha eit sterkt brannkorps hjå oss med sterk lokal leiing. Om andre plassar finn det tenleg at dei vil organisere det på ein annan måte vil eg ikkje legge meg bort i, seier Distad.

Ordføraren hevdar at så lenge det er opp til han, blir det inga endring i brannvernsstrukturen i Aurland kommune.

– Det vi har lært er at vi må ha folk på plassen som er dyktige, kompetente og som er nær ei hending når den eventuelt skjer, seier Distad.

NRK har vore i kontakt med brannsjef Arvid Gilje i Aurland, men han er på ferie og vil førebels ikkje kommentere det som kjem fram i rapporten. Brannsjef i Årdal og Lærdal, Gaute Jonsgård, vil heller ikkje kommentere rapporten førebels.

Hus i full fyr - under storbrannen i Lærdal

DRAMATISK: Fleire har karakterisert det som eit under at ikkje menneskeliv gjekk tapt under den dramatiske brannen i Lærdal i januar.

Foto: Jan Erikstad