Hopp til innhold

Ordførar glad for vindkraft-nei

Ordførar i Solund, Ole Gunnar Krakhellen, ser positivt på at Fylkesrådmannen går i mot utbygging av tre vindkraftanlegg i Solund.

Ole Gunnar Krakhellen

Ordførar i Solund, Ole Gunnar Krakhellen

Foto: Vidar Gudvangen/MMS-foto / NRK

– Som ordførar kan eg registere at instillinga til fylkesrådmannen er i tråd med vedtaket i kommunestyret. Og det er postitivt, seier Krakhellen.

Ei folkeavrøysting i kommunen gjekk mot utbygging , og det same gjorde fleirtalet i kommunestyret tidlegare i år .

Langt fram til avgjerd

Planlegginga av 88 vindturbinar i Solund har ikkje vore heilt beint fram. Turbinane er tenkt fordelt på to område i Ytre Sula og eitt på Ulvegreina.

Den planlagde utbygginga er stor både i norsk og internasjonal skala, og den lokale motstanden har vore stor. Torsdag vart det kjent at fylkesrådmann Jan Øhlckers rår til bygging av sju vindkraftverk , men seier nei til dei tre prosjekta i Solund.

– Betyr dette at ikkje blir noko av vindkraftubygginga?

– Kva NVE vil gjere, er framleis ikkje sikkert. Signala frå NVE er jo at dei ikkje kjem til å slutthandsame søknaden i denne fasen, men utsette det til 2014. Det blir i alle fall ikkje klart til fylkesutvalet den 21. mars, seier Krakhellen.

Natur og ungdom skuffa

46 av turbinane er tenkt plassert i området Ulvegreina nær Hardbakke, medan dei resterande er tenkt plassert i Ytre Sula - fordelt på eitt stort og eit mindre prosjekt med tre turbinar.

Tage Erlend Tellnes, 2. nestleiar i Natur og Ungdom, er skuffa over avgjerda, og trur ikkje NVE vil gå i mot fylkesrådmannen si tilråding.

– Det er synd. Dette er ei moglegheit til å produsere ny fornybar energi, som kan gjere energien i Norge grønare. Og det er noko vi treng, seier Tellnes.