Fire av fem politikarar i formannskapet støtta Senterpartiet sitt nei-forslag, som er i tråd med resultatet av folkeavrøystinga i januar. Høgre-ordførar Ole Gunnar Krakhellen var einaste som røysta for vindkraftutbygging.
– Formannskapet med eit fleirtal på fire har støtta Senterpartiet sine framlegg i alle tre sakene om å seie nei til vindkraftutbygging, seier han.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Ordføraren åleine
Med formannskapet si handsaming av dei tre omfattande vindkraftutbyggingane tok saken eitt steg nærmare endeleg avgjerd. Krakhellen fekk det likevel ikkje som han ville. Ordføraren var åleine om å ønskje utbygging av inntil 88 vindmøller i kommunen. Stikk i strid med resultatet av folkerøystinga i januar.
– Du er ikkje redd du skal bli oppfatta som du ikkje er på lag med folket når du går imot det som folkerøystinga sa?
– Eg håper ikkje det er oppfatninga. På medlemsmøte har Høgre teke ei vurdering av heilskapen i saka, og vi ser store moglegheiter for kommunen ved ei satsing på vindkraft.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
To var ugilde
Formannskapet vurderte sjølve kven som var ugilde i dei tre ulike vindkraftsakene, då kommunane enno ikkje har fått den juridiske vurderinga av habiliteten til politikarane.
Krakhellen var ugild i avrøystinga om utbygging av Ulvegreina, medan Linne Ledning frå Sp var ugild i handsaminga av den største utbygginga på Ytre Sula. Ho møtte som vara for Tom Færøy (Ap), men i saka der ho var ugild møtte Anne Kristine Dyrdal (Sp).
Gunn Åmdal Mongstad og Sp vann fram med sine nei-framlegg.
– Vi gjekk til val på at vi var skeptiske til vindkraft og veljarane hadde nok ei forventning til at vi stod for det, seier Mongstad.
Tysdag skal kommunestyre ta stilling til vindkraftplanane. Både Krakhellen og Mongstad forventar eit jamnare resultat enn i formannskapet.
– Det gjenspeglar nok haldningane hos innbyggjarane, seier Mongstad.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: