Med 51,6 prosent av røystene, seier innbyggjarane nei til vindkraft i Solund. Berre 25 røyster skilde mellom «ja» og «nei» i saka.
- LES OGSÅ:
– Eg trur eg hadde håpa på eit klarare svar, vedgår ordførar Ole Gunnar Krakhellen.
– Unik sjanse
Om tre veker skal kommunestyret i Solund kome med si innstilling i saka. Under folkerøystinga måndag svara 45,9 prosent positivt på eit generelt spørsmål om dei er for eller mot utbygginga.
Ein av dei som ynskjer at kommunen skal satse på vindkraft, var Nils Arne Steinsund.
– Eg ser det slik at vi må ha ein god aktivitet i kommunen. Dette er ein unik sjanse til å få det, seier han.
– Veit ikkje kva røyster på
Ved ei eventuell utbygging har kommunen høve til å hente inn kring 15 millionar kroner årleg i eigedomsskatt. I tillegg kjem det truleg fleire lokale og regionale arbeidsplassar.
Forhandlingane med utbyggjarane er framleis ikkje klare, så det er også håp om kompensasjon og andre tiltak. Kommunen
då innbyggjarane skulle røyste.– Det er kome fram lite kva kommunen får, så i grunn veit vi ikkje kva vi røyster på, meinte ein skeptisk Kjell Nessen på Krakhella då han gjekk inn i lokala.
88 vindmøller
Vel 60 prosent av sulingane nytta høve til å gje politikarane sitt råd om vindmølleutbygginga. Dei tok også stilling til tre konkrete prosjekt.
Full utbygging av alle prosjekta vil bety 88 vindmøller på opptil 150 meter fordelt på tre stadar i kommunen. Størst var skepsisen til utbygging av eit stort område i ytre Solund.
– Det er ikkje heilt klart resultat, men det peikar i alle fall i ei retning. Så får dei ulike partigruppene gjere sine vurderingar om korleis dei vil tolke desse resultata, konstaterer ordførar Krakhellen.