Hopp til innhold

I dag debuterer ho i verdscupen

Når verdas beste skiskyttarar samlast i Östersund dei næraste dagane, stiller også førdejenta Karoline Erdal på startstreken.

Sesongstart skiskyting 2016 på Sjusjøen.

DEBUT: I dag stiller Karoline Erdal frå Førde i sitt første verdscuprenn.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Eg har ingen forventingar, eg berre gler meg til å gå. Eg skal ha det kjekt og prøve nye situasjonar, seier 18 år gamle Karoline Erdal.

Etter eit imponerande løp i den norske sesongopninga, der ho overraska alle med ein fjerdeplass og den beste norske plasseringa, var ho likevel ikkje budd på å få gå på øvste nivå.

– Det er tidleg å kome med, men også veldig moro. Det er jo litt sjukdom i laget også, seier ho.

Laster innhold, vennligst vent..

Overraska over prestasjonar

Onsdag klokka 18 går første renn, som er 15 km normalprogram. Rennet kan du følgje direkte på nett, sjå på NRK 1 eller høyre på NRK Sport.

I januar vart Erdal juniorverdsmeister i skiskyting. Under rennet på Sjusjøen tidlegare i november vart ho ikkje berre beste norske, ho skaut også fullt hus for første gong. Etter å ha kome i mål strøymde tårene på for jenta frå Førde.

– Det var så uverkeleg og veldig stort. Det var ikkje noko eg hadde trudd ville skje no.

Tidlegare storløpar Tora Berger er assistenttrenar på juniorlandslaget, og har vore ein god støttespelar for Erdal så langt.

– Ho gir oss tryggleik og gode tips. Ho har ro og deler av erfaringane sine som vi kan dra nytte av. Ho gir oss tryggleik på at det vi gjer er riktig.