Hopp til innhold

Opprettar sak etter både tunnelbrann og bussulukke

Statens Havarikommisjon for transport opnar sak både etter brannen i Gudvangatunnelen og etter dødsulukka der to bussar kolliderte i Sogn.

opprettar sak bussulykke og tunnelbrann

OPPRETTAR SAK: Det vert oppretta sak både etter tunnelbrannen og bussulukka.

Foto: Veum/Veberg / NRK

– Først og fremst fordi den eine er ei ulukke med høg alvorsgrad, begge har stort skadepotensial og vi ser eit læringspotensial i begge sakene.

Det seier Rolf Mellum som er avdelingsdirektør i Statens Havarikommisjon om årsaka til at det no vert oppretta sak mot begge dei alvorlege ulukkene i Sogn og Fjordane denne sommaren.

Samanheng

Det var 5. august at ein semitrailer stod i full fyr i Gudvangatunnelen i Aurland kommune og 73 menneske vart sendt til sjukehus. Ei veke seinare omkom to kvinner i ei bussulukke i Fardal på riksveg 55 i Sogndal.

– Sakene har jo og ein slags samanheng i og med at ulukke i Sogndal skjedde medan det var omkøyring på grunn av at E16 og Gudvangatunnelen var stengt, seier Mellum.

Full undersøking

Rolf Mellum

TO SAKER: Rolf Mellum, avdelingsdirektør i Statens Havarikommisjon.

Foto: Trond Leirvik / NRK

I løpet av eit år opprettar kommisjonen berre 5–6 saker som dei går grundig gjennom.

At dei no opprettar sak inneber det at dei gjer ei full undersøking.

– Vi har henta inn informasjon på ulukkestad og gjennom dei som er berørt, så har vi då ein gjennomgang av dei funna vi har. Etter det vurderer vi kva vi kan få ut av ei undersøking i læringsøyemed og kva moglegheiter vi har for å få gjort ei god undersøking, forklarar Mellum.

I dette tilfelle har altså Havarikommisjonen valt å gjennomføre ei full undersøking på begge sakene.

– Litt tilfeldig i og med at begge to skjedde i Sogn, men sånn er det, seier Mellum.