Hopp til innhold

Har sikta føraren av den svenske bussen for aktlaus køyring

Føraren av den svenske turistbussen som var involvert i dødsulykka på riksveg 55 måndag, er sikta for aktlaus køyring.

Bussulukke i Fardal

OMKOM: To kvinner omkom då to bussar kolliderte front mot front på riksveg 55 ved Fardal i Sogndal måndag.

Foto: Anders Veberg / NRK

– Vi har sikta føraren av den svenske turistbussen for brot av vegtrafikklova sin paragraf 3. Vi meiner vi har grunn til å mistenkje at han har opptredd aktlaust, og komme delvis over i motgåande køyrefelt, seier lensmann i Sogndal, Åge Løseth.

Politiet har gjort beslag av førarkortet til den 54 år gamle mannen.

– Den sikta har ikkje erkjent straffskuld for hendinga, og har heller ikkje samtykka i førarkortbeslag, seier Løseth.

Siktinga er basert på forklaringar frå vitne

– Siktinga er basert på forklaringane til vitne og sjåførane, samt undersøkingar gjort på åstaden. Siktinga er førebels, seier Løseth.

Mannen, som er svensk statsborgar og kjem frå Göteborg-området, har forklart seg greitt om ulykka.

– Han vart avhøyrt i natt på sjukehus, og så gjennomførte vi eit grundigare avhøyr i dag, seier Løseth.

Mannen sit ikkje i varetekt, og er no dimittert av politiet.

– Vi har oppmoda han sterkt om å halde seg i Sogndal-området nokre dagar, med tanke på at det kan dukke opp ting som gjere til at vi treng å snakke med han att. Men eg veit ikkje om han vil det, seier Løseth.

Den andre sjåføren er ikkje sikta

– Den andre sjåføren skal avhøyrast på nytt i ettermiddag, seier Løseth.

Han understrekar at den norske sjåføren ikkje er sikta.

– Han er førebels ikkje sikta, og det er per i dag ingenting som talar for at det vert teke ut ei sikting, seier Løseth.

Ventar busslast med turistar til avhøyr

Politiet i Sogndal ventar i løpet av ettermiddagen ein buss med taiwanske turistar, som nett er utskrivne frå Førde sentralsjukehus.

– Dei er på veg hit no, slik at vi kan få gjennomført avhøyr, seier Løseth.

Sidan tre-fire av hovudvitna er taiwanske og spanske statsborgarar, ønskjer politiet å gjennomføre rettslege vitneavhøyr.

– Vi ser for oss at dersom det vert teke ut tiltale og det vert hovudforhandlingar i denne saka, så kan det bli noko vanskeleg å få dei tilbake som vitne i ei norsk rettssal, seier Løseth.

(Artikkelen held fram under videoen)

To personar er omkomne og to er alvorleg skadde etter at to bussar i ettermiddag kolliderte på riksveg 55 i Fardal i Sogndal.

Bussulykke i Fardal

Må passe for ein dommar

Politiet ønskjer difor å gjennomføre rettslege vitneavhøyr, fordi desse kan leggjast fram i retten, dersom det er ønskjeleg.

– Det er tre-fire vitne det er snakk om. Når avhøyra vert gjort slik, kan vi bruke dei som bevis i ei hovudforhandling, seier Løseth.

Han håpar å ha gjennomført desse avhøyra i løpet av dei to neste dagane.

– Det er visse praktiske omsyn vi må ta. Det må passe for ein dommar og ein politiadvokat og ein forsvarar, samt at det er folk som ønskjer å reise kjapt heim. Men dette er relativt greitt å få til, seier Løseth.

To kvinner i 20-åra omkom

Ulykka skjedde i 60-sona ved Fardal, eit stykke utanfor Sogndal sentrum måndag ettermiddag.

Den eine bussen var ein norsk rutebuss frå Nettbuss, medan den andre var ein svensk turistbuss med taiwanske turistar.

To kvinner i 20-åra, ei i kvar av bussane, omkom i ulykka. Til saman var rundt 30 personar involverte i ulykka.