Hopp til innhold

– Dette er jo dyreplageri og heilt forkasteleg

Fiskaren Arnt Wilhelm Milde opplever stadig å få krabber utan klør i teinene sine. Dyreplageri og forkasteleg, meiner styresmaktene.

krabbe

DYREPLAGERI: Regionssjefen i Fiskeridirektoratet reagerer sterkt på handlingane som krabbane blir utsette for.

Foto: Sara Johannessen / NTB scanpix

– Det er om lag som vi skulle hatt hjortejakt berre for indrefileten og kasta resten, det er uhøyrt. Spesielt no i disse tider der det snakkast om å redusere mengda mat som går i søpla.

Legg berre ut klørne for sal

Milde opplever stadig å få krabbe utan klør i teinene sin. Og det samtidig som han ser at fleire og fleire reklamerer med at dei har kilovis med krabbeklør til sals.

Han hevdar at fleire av dei som sel krabbeklør, fjernar klørne frå for så å sleppe krabben ut att i sjøen. Dette er ifølgje Mattilsynet forbode, fordi krabben truleg vil døy dersom den ikkje får mat. Krabben brukar nemleg klørne for å skaffe seg næring.

Krabben svelt i hel

Vidar Ulriksen, regiondirektør i Fiskeridirektoratet, reagerer sterkt på den lidinga krabben blir utsett for.

– Dette er jo dyreplageri og heilt forkasteleg. Det er nok krabbe til alle, men det er ikkje greitt at folk fjernar klørne og hiv krabben levande ut igjen i havet.

Om dei ikkje vil nytte seg av innmaten i krabben, er det betre om dei kakkar han i hel før dei hiv han på sjøen.

Kva konsekvensar får denne behandlinga for krabbane?

– Krabben bruker jo klørne til å få tak i mat, så truleg vil krabben svelt i hel. Eg vil stekt oppfordre folk til å ikkje kaste ut levande krabbar som dei har lemlesta, for det er jo faktisk det som er tilfellet, seier Ulriksen.

Ulriksen seier at han ikkje har detaljkunnskap om at dette er straffbart, men seier det utvilsamt er moralsk forkasteleg.

– Kva bør ein gjere når ein skal fiske krabbe?

– Ideelt sett bør ein jo utnytte heile krabben, og dersom ein ikkje ynskjer å gjere dette, er det i så fall eit minimumskrav at ein avlivar krabben før ein hiv han på sjøen igjen, seier Ulriksen.