Hopp til innhold

E39 opna for trafikk igjen etter ras

Stengde vegar, jordskred og kraftige vindkast. Vegar og ferjesamband blei råka då uvêret slo inn over Vestlandet laurdag kveld. Klokka 16 søndag vart E39 gjennom Jølster opna for trafikk igjen.

Enorme vassmengder og lausmassar stengde E39 på Vassenden i Jølster. Søndag morgon var vegen framleis stengd.

RYDDAR E39: Enorme vassmengder og lausmassar stengde E39 på Vassenden i Jølster. Søndag morgon var vegen framleis stengd.

Politiet på Vestlandet kan melde at det kraftige uvêret med svært mykje regn og vind har ført til mindre skadar enn det ein kunne forvente. Pågangen til politiet og Statens vegvesen har vore stor.

Rundt klokka 3 opplyste operasjonsleiarane i politidistrikta på Vestlandet at vêret no betrar seg.

– Antall meldingar me får på bakgrunn av vêret har roa seg kraftig, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt til NRK.

Mest dramatisk blei det på Vassenden i Jølster. Der sopa Årsetelva med seg store mengder stein og andre lausmassar og sørga for at E39 måtte stengast.

– Vi kan høyre korleis massane er på veg ned, sa NRK sin fotograf på staden.

Mykje vatn i vegbana gjorde at Statens vegvesen bad folk om å køyre svært varsamt, om dei i det heile måtte ut på tur.

– Ein kan jo vurdera om ein verkeleg treng å legga ut på vegen i kveld, seier Kristian Fauskan, trafikkoperatør i Statens vegvesen til NRK.

Dei store nedbørsmengdene som er i vente gjorde at Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) fredag oppjusterte farevarselet for jord- og flaumskred til oransje nivå på store deler av Vestlandet.

Kraftig vind og nedbør har skapt problemer flere steder i Sør-Norge denne helgen.

HEFTIG UVÊR: Kraftig vind og nedbør har skapt problem flerie stader i Sør-Noreg denne helga.

Status på vegane søndag ettermiddag:

Hordaland:

  • Fv. 7 Kvanndal – Gravin: Open
  • Fv. 8 Geitåstjørna – Vihovda i Sveio stengd for personbilar på grunn av flaum.
  • Rv. 13 Hardangerbrua: Manuell dirigering på grunn av campingvogn som har kvelva.
  • Fv. 103 Eidfjordelv bru, på strekninga Eidfjord – Simadal: Opna kl. 13.00
  • Fv. 550 Bjotveit: Opna kl. 12.00
  • Fv. 314 Bergsdalen ved Storfossdammen fremdeles stengt. Det er betydelige mengder med massar som har komme ned. Forventa stengd nokon dagar. Blir vurdert på måndag kl. 12.00.
  • Fv. 541 ferjestrekninga Buavåg-Langevåg, på strekningen Nyheim – Ekornsætre: Innstilt på grunn av uvêr.
  • Fv. 57 ferjestrekninga Leirvåg-Sløvåg: Opna for trafikk igjen kl. 21.12.

Sogn og Fjordane:

  • Fv. 50 ved Vassbygditunnelen i Aurland. Opna klokka 16.16.
  • E39 ved Vassenden i Jølster. Opna kl. 16.00.

  • E39 Ferjestrekninga Anda – Lote. Innstilt på grunn av dårleg vêr.

  • Fv. 13 Gaularfjellet er stengt på grunn av ras og oppryddingsarbeid. Er venta å opne igjen måndag klokka 10.00.

  • Fv. 8 Åkre, på strekningen Oppedal – Hest: Stengd på grunn av fare for ras. Omkøyring via fv. 92, Stordalen. Ny vurdering måndag kl. 15:00.

  • Fv. 55 Sognefjellet: Stengd på grunn av uvêr.

  • Fv. 57 ferjestrekninga Leirvåg-Sløvåg: Fergesambandet innstilt på grunn av dårleg vêr.

  • Fv. 92 Arnafjord – Vikøyri: Stengd på grunn av fare for ras. Blir ikkje opna i dag. Ny vurdering kl. 08.00 måndag.

  • Fv. 331 Urnes – Skjolden: Opna for trafikk kl. 18.00.

  • Fv. 451 Kjøsnes – Vassenden: Stengd på grunn av flaum. Bli

  • Fv. 601 Melhus på strekninga Langhuso – Undredal. Opna for trafikk kl.19.00.

  • Fv. 606 ferjestrekninga Losna-Krakhella: Fergesambandet er innstilt.

  • Fv. 609 Heilevang, på strekninga Askvoll – Førde: Stengt på grunn av fare for ras. Ny vurdering kl. 07.30 måndag.

  • Fv. 615 Tjøtaelva, på strekningen Storebru – Sandane: Opna 12.30.

  • Fv. 616: Endal, på strekningen Smørhamn – Isane: Stengt på grunn av jordras. Oppryddingsarbeid starta kl. 18.00.

  • Fv. 691 Gjengedal: Opna fro trafikk kl. 17.00

Møre og Romsdal:

  • Fv. 61 Trollstigen, stengd på grunn av fare for ras og skred.
  • Fv. 63 Geiranger – Langevatn, stengd på grunn av vanskelege køyreforhold.

Rogaland:

E39 Mortavika ferjekai, på ferjestrekninga Mortavika-Arsvågen. Stengd på grunn av uvêr. Ferjesambandet vil gå Hanasand-Arsvågen.

Oppdaterte vegmeldingar frå Statens vegvesen finn du her.

Både Hurtigruta, Fjordline og DFDS kansellerer avgangar og stopp på grunn av vêret.