NRK Meny
Normal

Krev større uttak for å bli kvitt jerveproblema

Bønder i Årdal er oppgitte over korleis forvaltninga har handtert jervesituasjonen i fjellområda mellom Lærdal og Årdal. At det er gjeve fellingsløyve på jerven som har teke fem sauer, hjelper lite, meiner dei.

Jerv drap sau

TYPISK: Sauene som art drepne i fjellområdet mellom Lærdal og Årdal hadde typiske teikn som tyder på jerv. Blod i ulla ved øvre del av nakken, og under skinnet kraftige knusingar i nakkevirvlar med store blodutreiingar i vevet.

Foto: SNO-Aurland, rovviltseksjonen – Rovviltkontakt Håkon Øydvin.

Søndag melde ein turgåar ifrå om funn av eit lam som låg i ei elv. Då gjetarane sjekka det ut, fann dei fire dyr til. Alle fem sauene er eigde av Per Bjørkum.

Torsdag føremiddag kom fellingsløyvet, og eit fellingslag er allereie i gang med søk. Men Bjørkum meiner løyvet utgjer lite.

– Det er så godt som umogleg å jakte jerv på denne tida. Du kan seie det slik at eg er ganske frustrert over korleis forvaltninga over lengre tid har handtert jervesituasjonen, seier han.

Har tre jegerar i området

Ole Bjarne Hovland

FRUSTRERT: Leiar i Naddvik beitelag, Ole Bjarne Hovland, er lei av dei stadig attkomande jerveproblema i området.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Fjellområdet mellom Årdal og Lærdal er eit område det ikkje skal vere jerv i, anna enn dyr på gjennomfart. Bjørkum meiner det difor er frustrerande at dei nok ein gong finn kadaver.

– Forvaltninga må ta ut fleire jervar når det er snø, er den klare løysinga i Bjørkum sitt syn.

Leiar i Naddvik beitelag, Ole Bjarne Hovland, seier dei har tre jegerar frå fellingslaget i området, som vil gjere eit forsøk på å spore opp jerven.

– Krevjande jakt

Ut frå skadane skal det truleg ikkje vere snakk om ei tispe med kvalpar. Med tanke på det, og at det har gått over ei veke sidan sauene vart drepne, er det godt mogleg at jerven har forsvunne frå området.

– Dei går over veldig store område, så ein veit aldri når den kan dukke opp igjen. Når den allereie har vore innom oss, så er det å frykte at han kjem att, sjølv om det ikkje er sikkert, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jerv

GRAVE NED: Bilete teke der sauene vart drepne mellom Lærdal og Årdal syner korleis jerven kan gjera forsøk på å grave ned deler eller heile kadaveret i myr.

Foto: SNO-Aurland, rovviltseksjonen – Rovviltkontakt Håkon Øydvin.

Hovland fortel at det er krevjande å jakte på jerv på denne årstida, utan hjelp frå spor i snøen.

– Jerven fer over store område, og kadavera er nok minst ei veke gamle. Men jerven har jobba ein del med desse kadavera, og prøvd å grave dei ned og brukt litt tid. Så dukkar han opp igjen så er det moglegheiter. Det er lyst relativt lenge og du har godt oversyn i det feltet, så vi må jo berre gjere noko uansett, føler vi.

Ikkje nøgd med forvaltninga

Også beitelagsleiaren delar frustrasjonar til Bjørkum om at fleire jervar skulle vore tekne ut av området. I år har det vore funne DNA på åtte jervar i fylket, ifølgje tal frå Statens Naturoppsyn (SNO). To av dei er tekne ut, éin i Hafslo og éin i Sogndal, medan éin vart påkøyrd mellom Vadheim og Stryn.

Hovland forstår at det er vanskeleg å halde kontroll på alle jervar som kjem og går, men meiner at ein i det minste burde teke ut dei det var DNA på.

– Det er ein kamp kvar ettervinter når lisensjakta er ute. Vi har drive på oppe i fjellet med jervefeller og må gå på ski meir eller mindre for å sjå etter spor, for det er jo ikkje lov å bruke snøskuter. Så det er veldig vanskeleg å drive jervejakt på vinteren i våre fjellområde. Då blir det til at Statens Naturoppsyn må ta jobben på våren, og då er vi i sauefjøsen og klarar ikkje å følgje med på kva jobb dei gjer. Når vi opplever dette igjen føler vi at det er nokon som ikkje har gjort jobben, seier han.

– Dette skjer igjen og igjen

Hovland seier det er frustrerande å vite at det er jerv oppe i fjella som ikkje er teke ut, når dei skal sleppe sauene opp i området.

– Det er nokon som jobbar knallhardt i beitenæringa for å få dette til, men vi kjem liksom ikkje så mykje lenger. Det skjer igjen og igjen dette her.

Kva er grunnen til at det ikkje skjer noko?

– Årsaka kan eg ikkje seie så mykje om, anna enn at det berre er å brette opp ermene og gå laus att til vinteren for å prøve å få betre kontroll på den jervestammen som er her.

Rein-Arne Golf i Statens Naturoppsyn

HAR LEITA: Rein-Arne Golf og Statens naturoppsyn har vore ute i tre periodar for å spore jerv i fylket i år.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

At det er vanskeleg å følgje med på alle jervar som kjem og går, forstår Hovland. Men han meiner at då bør ein i alle fall klare å ta ut dei ein har DNA på.

– Så god kontroll har vel ingen på den jerven at dei veit kor den er til ei kvar tid, så slik sett bør vel alle jervar dei har DNA på fjernast. Det skal jo ikkje vere slik at dei skal komme hit og beite på sauene våre kvar sommar.

Har leita i tre periodar

Rein-Arne Golf i SNO i fylket, fortel at dei i tre periodar har vore ute med helikopter for å leite etter spor frå jerv.

Vind og frosen snø på nattetid når jerven er ute, har vore vanlege vêrhøve i vinteren som har ført til vanskelege sporingshøve. Dermed har det berre vore i kortare periodar at det har vore mogleg å spore, ifølgje Golf.

SNO har ansvaret for å registrere dyra, men det er Miljødirektoratet som vurderer om ein skal starte uttak.

– Har lagt ned betydelege ressursar

Terje Bø, leiar i viltseksjonen i Miljødirektoratet, seier det er vanskeleg å spore jerv, og at det ikkje står på viljen. Han føler at Miljødirektoratet og SNO har lagt ned ein god innsats i fylket.

Seksjonsjef Terje Bø i Miljødirektoratet.

HAR GJORT MYKJE: Seksjonssjef i Miljødirektoratet, Terje Bø, seier direktoratet har lagt ned store ressursar i å halde kontroll på jervebestanden.

Foto: Grete Thobro

– Vi oppfattar definitivt at vi har lagt ned ein betydeleg ressurs i å prøve å ta ut jerv i Sogn og Fjordane i år, som vi har gjort tidlegare år. Eg har full forståing for at næringsutøvarane vil ha vekk alle, men det er ikkje alltid det er praktisk mogleg eller høve der det let seg gjennomføre. Dei jervane som vert registrert kan delvis også vere på Oppland-sida når vi er der, og dei kan ha leveområde på begge sider av grensa, seier han.

Bø seier dei følgjer situasjonen i Sogn og Fjordane ekstra nøye fordi det er fleire rovdyrskadar, og at lisensjakt er vanskeleg. Det er bestemt at det ikkje skal vere etablerte dyr, og då særleg etablerte hodyr med avlingar, i området. Men ein kan ikkje unngå rovdyrskadar heilt, meiner seksjonsleiaren.

– Uansett kor ein er når ein driv i denne næringa må ein vere budd på rovviltskadar. Det som er særskild for Sogn og Fjordane har ein sagt at ein vil ikkje ha etablering og yngling i området. Det inneber at ein av og til tek ut hodyr for å unngå reproduksjon. Så vidt eg hugsar er 40 av 45 jervar som er tekne ut dei siste åra, tekne ut av SNO på oppdrag frå oss.

Jerv

UPOPULÆR: Det er i stor grad ynglande jerv som er skrekken for sauebønder, men rovdyra er uansett langt frå velkomne i beiteområda.

Foto: BBC
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.