Oppdrettsanlegg på Vestlandet fekk gigantfisk i nota

Den siste veka har oppdrettsanlegg både i Bremanger og på Austevoll fått makrellstørjer på nær 300 kilo inn i oppdrettsanlegget.

Makrellstørje i oppdrettsnota - K. Strømmen lakseoppdrett Bremanger

I NOTA: Denne makrellstørja dukka opp i oppdrettsanlegget i Bremanger.

Foto: K. Strømmen Lakseoppdrett AS

– Vi er uroa for utviklinga. Vi veit vi lite om kvifor makrellstørja plutseleg angrip, og går tvers igjennom notveggen og inn i oppdrettsanlegget, seier Leni Lisæter, seksjonssjef i Fiskeridirektoratet region Vest i ei sak publisert på Fiskeridirektoratet sine nettsider.

På Austevoll fekk Melaks sitt anlegg besøk av ei makrellstørje på vel tre meter, medan K. Strømmen Lakseoppdrett AS sitt anlegg «Marøy NØ» i Bremanger fekk ei størje på 2,7 meter i nota.

– Vi får håpe det er ein tilfeldigheit at det har skjeddd to gonger på ei veke, men det er jo klart at makrelstørjra er tilbake for fullt på norskekysten.

Verdas dyraste fisk

Makrellstørje er den mest verdifulle tunfisken i havet og kiloprisen kan bli på fleire tusen kroner. I lang tid var bestanden på fisken på veg ned på grunn av overfiske, men no er det oppgang. I år er kvoten på 104 tonn og det er båtane «Hillersøy» og «Salvøy» som fekk fiska kvoten.

Makrellstørje i oppdrettsanlegg - Melaks Austevoll

3 METER: Slik såg makrellstørja som hamna i oppdrettsanlegget på Austevoll ut. Den var nær 300 kilo og 3 meter lang.

Foto: Melaks

Men at fisken dukkar opp inne i oppdrettsanlegg er ikkje kvardagskost. I Bremanger vart det meldt om eit hol i nota den 27. september og Fiskeridirektoratet var på tilsyn 1. oktober.

– Vi var ute for å sjå på anlegget og kartlegge årsaker til holet, men det var jo ingen tvil når den svære makrellstørja på 2,7 meter og 275 kg kom symjande opp i nota, fortel Lisæter.

På anlegget i Bremanger har dei forsterka nota med ståltråd, men likevel sumde makrellstørja rett gjennom.

Begge størjene, både på Austevoll og i Bremanger, måtte avlivast. I Bremanger vart mageinnhaldet sjekka og sjølv om størja har symd rundt saman med laksen i ei veke var magen tom.

Makrellstørje i oppdrettsnota - K. Strømmen Lakseoppdrett Bremanger

SKADE: Makrellstørja i Bremanger fekk skadar i snuten etter å ha symd gjennom nota.

Foto: K. Strømmen Lakseoppdrett AS