Hopp til innhold

Her opnar dei den nye innseglinga til Florø

FLORØ (NRK): I dag opnar den nye innseglinga til Florø som skal gjere farleia tryggare og leggje til rette for auka verdiskaping for bedriftene i Sunnfjord.

Opning innsegling Florø

OPNING: Her opnar leiar Karen Marie Hjelmeseter (Sp) i fylkets næringsutval og ordførar Ola Teigen (Ap) den nye, djupare og breiare innseglinga.

Foto: Kjersti Anderdal Bakken / NRK

– Dette er viktig for kommunen, særleg for skipsverfta som no kan ta imot store riggar. I tillegg har vi ei lang historie med skipsforlis rundt her. Difor er betring av merkinga viktig, seier ein glad Flora-ordførar Ola Teigen (Ap).

Prosjektet har teke eitt og eitt halvt år, og kostnadsramma er på 55 millionar kroner. Fire nautiske mil frå Hellefjorden og inn til Florø har no ei djupn på minst 16 meter og ei breidde på minst 120 meter. No kan dei aller største fartøya leggje til kai, og riggar kan takast inn til verftet.

– Vi har gjort innseglinga djupare og sett på fleire sjømerke. Det er svært viktig for næringslivet i regionen, spesielt for riggmarknaden. Initiativet kom opphavleg frå Westcon, seier regiondirektør i Kystverket, Jon Erik Hagen.

– Ei av dei beste innseglingane i landet

I dag var det høgtideleg opning. MS Atløy tok deltakarane med ut i fjorden, der ordførar Ola Teigen (Ap) og leiar for hovudutval for kultur og næring, Karen Marie Hjelmeseter (Sp), stod for opninga.

Opning innsegling Florø

TRYGGARE: Her markerer ein av båtane i området dei nye merkingane under opninga i dag.

Foto: Kjersti Anderdal Bakken / NRK

I mange år var skumle skjer og grunner ein stor fare for båtar og mannskap som skulle inn og ut av kystbyen Florø. Rolf Grønnevik er skipper på MS Atløy og har 40 års erfaring frå området.

– Vi som er fødde og oppvaksne her, og har vore i farvatnet alltid, ser ikkje at det var vanskeleg. Men, det har vore eit dårleg og vanskeleg farvatn som no har blitt godt å segle, seier Grønnevik og legg til:

– Det har blitt ei veldig fin innsegling, godt merka og kanskje ei av dei beste innseglingane langs heile kysten, frå havet og rett inn til sentrum.

Enorme mengder stein blir brukte opp att

40.000 kubikkmeter stein er sprengt vekk i arbeidet med farleia. Hagen i Kystverket forklarar at det svarar til eit seks meter høgt lag med stein som dekkjer ei heil fotballbane.

– Det spesielle i dette tilfellet er at steinen skal brukast opp att fleire stader i Florø-området. Båtforeininga skal bruke han, og han skal brukast på industriområde, seier han.