Westcon varsla satsing på oljeriggar då dei kjøpte verftet i Florø, men innseglinga til byen er for grunn for store riggar.
Men når Nasjonal Transportplan, NTP, blir lagt fram i dag, kjem det pengar til å sprengje ut farleia. Stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap) seier dette er ei gladmelding.
– Vi raud-grøne har jobba godt, for dette kom inn mot alle odds. Verken Kystverket eller fylket hadde det med på sine prioriteringar. Vi har fått på plass 38 millionar kroner, slik at innseglinga blir betre, seier Heggø.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Det er nokre grunnar utanfor hamna i Florø der det er veldig trongt og djupt. Heile hamneområdet i får dermed glede av ei utbetring av leia. Heggø seier utbetringa er viktige for den maritime næringa i kystbyen.
– Det Westcon har sagt i møte med meg, er at dei ikkje klarer omstillinga til store riggar om ikkje vi gjer noko med innseglinga. Det er bra vi har fått til dette, for å tryggje arbeidsplassane som er der.
Vil bety mykje
Ho var i Florø i dag for å fortelje gladmeldinga på verftet. Administrerande direktør Gustav Johan Nydal seier dette er positive nyheiter.
– Dette er kjempebra for oss og vil bety mykje. Saka skal opp i Stortinget i juni, og blir planane godkjende, kan arbeidet med utbetringa starta i sommar.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Er kvitt eit hinder
Westcon har i dag 120 tilsette, men sysselset om lag 500 når innleigde og underleverandørar er rekna med. Verksemda driv med skipsreparasjon og nybygg. Ein viktig del av strategien framover er reparasjon av oljeriggar.
Nydal trur skipsleia kan vere ferdig utbetra til nyttår. Då er planen at Westcon satsar på å få jobbar der dei kan få vedlikehald av oljeriggar.
– Utbetra innsegling betyr at ein viktig føresetnad for å drive riggvedlikehald fell på plass. No blir vi kvitt eit hinder vi har hatt fordi det er for grunt.