Torsdag opnar Gudvangatunnelen att - ein månad etter den dramatiske brannen

Gudvangatunnelen på E16 i Aurland har gjennomgått omfattande reparasjonsarbeid og utbetringar etter den dramatiske brannen 5. august. No, ein månad seinare, håpar Vegvesenet at dei endeleg kan opne den for fri ferdsel.

Gudvangatunnelen

OPNAR IGJEN: Torsdag er det ein månad sidan den dramatiske brannen i Gudvangantunnelen på E16. Då håpar Vegvesenet å opne den att for fri ferdsel.

Foto: Arve Veum/Monika Blikås / NRK

– No nærmar det seg avslutninga på arbeidet, stadfestar Per Ove Fossheim som er prosjektleiar for Gudvangatunnelen i Statens vegvesen.

Om alt går etter planen håpar dei å opne tunnelen for fri trafikk frå torsdag 5. september klokka 07.00. Før den tid skal dei gjennomføre ein avgjerande test av sambandet i tunnelen.

– Vi skal ha ei sambandsøving, og sjekke ut sambandet til naudetatane onsdag. Om alt går greitt opnar vi torsdag, seier Fossheim til NRK.no.

Sidan fredag har det vore kolonnekøyring for alle køyretøy gjennom tunnelen, ei veke før det opna det for kolonnekøyring for bussar og tyngre køyretøy.

Dramatisk brann

Den sterkt trafikkerte tunnelen på ein av hovudvegane mellom Austlandet og Vestlandet har vore stengd sidan 5. august. Då byrja ein utanlandsk semitrailer å brenne inne i tunnelen.

Brannen utvikla seg raskt og røykla heile tunnelen. Bilistar som kom inn i tunnelen frå begge sider mista sikta, og i etterkant har det blitt karakterisert som eit under at det ikkje gjekk liv tapt i brannen.

Takka vere heroisk innsats av redningsmannskapa gjekk det så bra som det gjekk. I alt var over 70 personar sende til sjukehus, nokre med alvorlege skader.

Har kosta dyrt

Brannen har også gitt Vegvesenet mykje arbeid. Tidlegare har dei estimert kostnadane av arbeidet til nær 50 millionar kroner, der 20 millionar har gått med til rein reparasjon etter brannen, ti millionar kroner på følgjeskadar, og ti millionar kroner på arbeid som likevel har blitt gjort sidan tunnelen var stengd.

Førebelse tal frå forsikringsselskapa viser at berre bilskadane i tillegg kosta ti millionar kroner, og Helse Førde har også hatt den største kostnaden knytt til ei enkelt hending nokon sinne.

(Artikkelen held fram under biletet)

Arbeid i Gudvangatunnelen

OMFATTANDE: Det vart gjort omfattande skader på installasjonane i tunnelen etter brannen.

Foto: Arne Veum

Framleis litt arbeid att

Om testen av sambandet til naudetatane går som planlagt blir altså tunnelen opna for fri ferdsel frå torsdag morgon klokka 07.

Deretter vil ein køyre med fri trafikk fram til torsdag kveld klokka 21. Då blir det igjen nokre timar med kontinuerleg kolonnekøyring.

– Vi har ein del småting igjen, attståande arbeid, som vi har planlagt å ta nattetid. Vi kjem til å gå med kontinuerleg kolonnekøyring frå torsdag kveld klokka 21 til fredag morgon klokka 07.00, så blir det igjen fri trafikkavvikling, seier Fossheim i Vegvesenet til NRK.no.

Om dei ikkje skulle bli ferdig med alt dette arbeidet natt til fredag, kan det igjen bli aktuelt med kolonnekøyring natt til laurdag. Men dette er førebels for tidleg å seie noko om no, seier Fossheim.

Prosjektleiaren seier dei ikkje har fått mange negative tilbakemeldingar i samband med stenginga og arbeidet i etterkant.

– Heller motsett. Trafikken og kolonnekøyringa har gått greitt, seier Fossheim.

– Det verste som kan skje

Prosjektleiaren har hatt ein travel månad på jobben, og seier tunnelbrannen har sett dei på prøve.

– Dette er det verste som kan skje for oss som driv med drift og vedlikehald. Ein brann i tunnel er eit skrekkscenario for oss, seier Fossheim.

– Det har vore mykje arbeid etter at vi fekk tilgang på tunnelen og fekk oversikt over omfanget av skadane, seier han vidare.

(Artikkelen held fram under biletet)

Leitar i mørket

ETTERFORSKING: Det har blitt sett inn store ressursar for å finne svar på kva som var årsaka til ulukka.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

– Positivt for trafikantane

Samtidig er han klar på at arbeidet som har blitt lagt ned har vore viktig. Og til det positive for bilistane som i framtida skal nytte seg av den sterkt trafikkerte tunnelen på ein av hovudvegane mellom aust og vest.

– Eg føler vi har fått gjort veldig mykje bra på den tida som tunnelen har vore stengd. Vi har fått gjort ein for del andre ting enn reparasjonsarbeid, ting som er positivt og gagnar trafikantane, seier han og viser mellom anna til at heile tunnelen no er kvitmåla.

– Det vil vere visuelt godt for trafikantane som skal køyre gjennom ein tunnelen som tidlegare kanskje har vore prega av at den var litt mørk, seier Fossheim.

– Vil tunnelen når den opnar vere tryggare og betre for dei som skal ferdast der?

– Vi har fått den tilbake i ein god stand, vi har køyrt brann- og ventilasjonstest og i morgon skal vi som sagt ha ein test av naudsambandet. Viss den viser seg å vere ok, så vil eg seie vi har ein tunnel som er trygg, seier prosjektleiaren.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.