Vedtaket var i samsvar med tilråding frå kulturutvalet, og Eid-ordførar Gunvald Ludvigsen kunne juble over avgjerda.
Merkeleg debatt
Det vart ein merkeleg debatt på tampen av fylkestinget tysdag kveld då trøytte politikarar skulle prioritere mellom nye kulturbygg der staten skal vere med for å få bygga realiserte. Det var fire slike bygg på lista. Kulturhuset og operaen i Eid, Kunstmuseum i Førde, reiselivsmuseum i Balestrand og bergkunstmuseum i Ausevika i Flora.
- Operaen kjem fort
Men etter eit utal av forslag og prøverøystingar enda dei opp med opera på topp, så kunstmuseum, deretter reiselivsmuseum og til slutt bergkunstmuseum. Men politikarane understreka at uansett prioritering så skulle alle bygga realiserast dei næraste åra. Men operaen ligg fremst i løypa, og Ludvigsen trur på rask realisering.