Operaen, som handlar om mordet på Gustav III i Stockholmsoperaen 1792, hadde si siste framsyning laurdag.
Besøkstala har gått ned sidan nær 5000 publikumarar såg Fotballoperaen og Tryllefløyten i 2010 og 2011. I år vart det altså vel 2 500.
- Les også:
Det har ikkje lukkast NRK å få kontakt med operasjef Kari Standal Pavelich, men ifølgje ei pressemelding kom publikumarar frå fjern og nær for å oppleve Maskeballet.
- Les også:
– Vi har servert opplevingar av internasjonal kvalitet på Eid i Nordfjord. Det er eigentleg naturstridig, men viser at magi kan oppstå når gode krefter kjem saman, seier operasjef Kari Standal Pavelich.
– Knirkefritt
Musikken i operaen er skriven av Giuseppe Verdi og teksten av Antoinio Somma. Opera Nordfjord samarbeidde med Nasjonaloperaen i oppsettinga. Den store frivillige innsatsen har nok ein gong imponert Pavelich.
No er kostyme, kulissar og parykkar pakka ned i sine respektive kasser merka Den Norske Opera & Ballett og er på veg tilbake til Bjørvika.
– Samarbeidet har vore knirkefritt, lærerikt og svært hyggeleg, seier Pavelich.
Har solistar klare til 2016
Operasjefen er allereie i gang med å planlegge nye produksjonar. Om eitt år prøver operaen seg på eitt av meisterverka i operalitteraturen, Rosenkavaleren av Richard Strauss.
Hovudproduksjonen har premiere onsdag 5. oktober. Då med mellom andre Ronald Rørvik som regissør, Michael Pavelich som dirigent og Sunniva Bodvin som scenograf.
– Solistlaget er allereie langt på veg klart, med Ditte Højgaard Andersen som Sophie, Ann-Helen Moen som Marschalin, Angelica Voje som Octavian, Trond Halstein Moe som Faninal, Ketil Hugaas som Baron Ochs og Thomas Ruud som den italienske tenoren, seier Pavelich.
Ny premiere om tre veker
Det er dermed ikkje sagt at Nordfjord Opera er ferdig med sine oppsettingar i år. Så fort Maskeballet er ute av dørene, gjer dei seg nemleg klare til ein ny premiere.
Om knapt tre veker, den 30. oktober, har familiemusikalen The Sound of Music premiere i Operahuset Nordfjord.
– Dei tre framsyningane er snart utselde, så her må ein vere om seg, seier Pavelich.