Hopp til innhold

350 publikumarar såg svenskekongens død i Operahuset

– Heilt fantastisk. Det var gripande, strålar Gøril Bruaset Bræin. Onsdag var ho ei av 350 publikumarar som såg Opera Nordfjord sin premiere på Maskeballet.

Opera Nordfjord sin premiere på Maskeballet fall i god smak hos publikumarane. (FOTO: EVEN LUSÆTER/NRK)

SJÅ VIDEO: Onsdag kveld var det premiere på Maskeballet i Opera Nordfjord. (FOTO: SVEIN NESBAKK/OPERA NORDFJORD/EVEN LUSÆTER/NRK. REDIGERING: ODDLEIF LØSET/NRK)

Arrangørane skulle helst sett fleire i salen, men dei som møtte fekk ei flott oppleving.

Musikkstudenten Gøril Bruaset Bræin frå Valdres lét seg imponere av heile oppsettinga.

– Eg har ikkje sett dette før i Nordfjordeid, så for meg var det heilt fantastisk å sjå på. Det ligg mykje arbeid bak både kostyme og scene, seier ho.

Operasamarbeid

Operaen handlar om mordet på Gustav III i Stockholmsoperaen 1792. Denne gong har Opera Nordfjord samarbeidd med Den Norske Opera og Ballett, og sett opp deira turneversjon av Maskeballet.

Maskeballet på Nordfjordeid

FLEIRE FRAMSYNINGAR: Fram til 10. oktober har Opera Nordfjord åtte førestillingar med Maskeballet. Allereie 30. oktober vert det premiere for familieførestillinga The Sound of Music.

Foto: Svein Nesbakk / Opera Nordfjord

Delar av staben frå nasjonaloperaen har reist til Nordfjord for å samarbeide om operaproduksjonen, og har vore leia av produsent Jan Helge Trøen.

Maskeballet i Opera Nordfjord

ITALIENSK: Maskeballet av Giuseppe Verdi handlar om maskeballet på Kungliga Teatern 16. mars 1792, der kong Gustaf III vart skoten.

Foto: Svein Nesbakk / Opera Nordfjord

– Veldig kjekt for oss å ha fagfolk derifrå som har vore hos oss i fleire veker. Samstundes har det vore fint for våre frivillige å spare opp energi til neste år. Vi har lånt kostyme frå Den Norske Operas, seier Pavelich.

Lenge sidan full premiere

Operasjef Kari Standal Pavelich er nøgd med premieren, men skulle helst sett fleire enn kring 350 publikumarar i salen.

– Eg såg det var litt ledig på galleriet. Av ein eller annan grunn er det mange år sidan vi har hatt fullsett premiere. Eg trur mange reknar med at det er fullt og ikkje plass, men plass har vi, seier Pavelich.

– Det er ny produksjon, The Sound of Music, om ein månads tid. Kan ein ha nådd eit mettingspunkt?

Kari Standal Pavelich

HÅPAR: Operasjef Kari Standal Pavelich både håpar og trur at billettsalet vil ta seg opp att.

Foto: Kjersti Anderdal Bakken / NRK

– Det kan vere at det er så mange andre tilbod, at det er meir realistiske tal no enn for tre-fire år sidan. Så kanskje vi må innsjå at det er her vi skal vere, men vi har ikkje tenkt å gje opp endå.

Må selje billettar

Besøkstala har gått ned sidan nær 5000 publikumarar såg Fotballoperaen og Tryllefløyten i 2010 og 2011. I fjor var vitja 2 600 oppsetjingane til Operaen.

– Men det ser betre ut i år enn i fjor. Vi ligg kanskje eitt par hundre framfor fjoråret, så vi håpar å komme opp i mellom 3 000 og 3 500 i år, seier Pavelich.

– Kor viktig er billettinntektene for dykk?

– Går billettsalet ned, så må vi redusere på aktiviteten vår. Det ynskjer ikkje vi. Vi ynskjer å auke aktiviteten og vise meir og meir scenekunst for vårt publikum.

– Så folk må berre komme og oppleve kunst på høgt nivå, avsluttar Pavelich.