Hopp til innhold

- Møre og Romsdal ville vore det naturlege valet

Lensmann Tormod Hvattum meiner ikkje det er naturleg å slå saman politidistriktet med Hordaland.

Lensmann i Vågsøy Tormod Hvattum

BLIR SLUKT AV BYPROBLEM: Det er meir naturleg å sjå til Møre og Romsdal som har mange likskapstrekk med Sogn og Fjordane.

Foto: Hildegunn Løken Holtan / Fjordenes Tidende

– Vi i Sogn og Fjordane har mange likskapstrekk med Møre og Romsdal. Vi har mange like utfordringar når det gjeld geografi, struktur og kriminalitet, seier lendmann i Vågsøy, Tormod Hvattum.

Tysdag vart Politireformen lagt fram der talet på politidistrikt blir redusert frå 27 til 12, og Sogn og Fjordane blir føreslått slått saman med Hordaland. Politijuristforeininga i Sogn og Fjordane synest ikkje samanslåinga er naturleg.

Større forståing i nord

– Det ville vere lettare å skape forståing for våre utfordringar saman med folk som har same utfordringane som oss sjølv.

Hvattum legg ikkje skjul på at han synest tanken på å bli slått saman med Hordaland er utfordrande.

– Eg var skuffa over resultatet over at vi skal slåast saman med Hordaland. Eg meiner det finst mange politifaglege grunnar for at Sogn og Fjordane heller burde slåast saman med Møre og Romsdal til eit nytt politidistrikt i nordvest, seier Hvattum.

By-problem tar ressursane

Han meiner ei samanslåing med Hordaland kan gje uheldige konsekvensar.

– Eg er redd vi blir veldig små og at vi blir slukt av Bergen-byproblematikken og at ressursane våre reiser sørover til Bergen og Hordaland.

Hvattum meiner det ville vere meir naturleg å sjå nordover.

– Eg meiner vi hadde komme betre ut å gå nordover. Eit anna alternativ kunne vore å dele Møre og Romsdal slik at Nordfjord vart lagt til Møre og Romsdal.

– Vi har fått ny infrastruktur slik at vi kan lett bevege oss nordover og det er naturleg for oss i mange samanhengar å sjå dette som eitt område.