Hopp til innhold

Politireformen: - Samanslåing er eit paradoks i lys av Monikasaka

Jørn Lasse Førde Refsnes, fylkesleiar i Politijuristforeininga, er djupt usamd i at store einingar er svaret på å gjere politiet betre. Han viser til at erfaringane frå etterforskinga av Monika-saka i Bergen. Tysdag kveld presentere regjeringa Politireforma som blant anna inneber at Sogn og Fjordane politidistrikt vil bli slått saman med Hordaland.

Politireformen er eit paradoks i lys av det som har skjedd i Monika-saka i Hordaland meiner politiadvokaten etter at det er foreslått å slå saman Sogn og Fjordane med Hordaland politidistrikt.

IKKJE OVERRASKA: Politiadvokat Jørn Lasse Førde Refsnes er ikkje overraska over forslaget om å redusere talet på politidistrikt frå 27–12. Men han likar det slett ikkje. Foto/Redigering: Arne Stubhaug

– Den medisinen som blir skriven ut på Vestlandet er ei storstila samanslåing og sentralisering. Det er eit paradoks.

– I lys av det som har skjedd i landets nest største politidistrikt, Hordaland, så blir paradokset blir desto større. Då tenkjer eg på Monika-saka, seier fylkesleiar i Politijuristforeininga, Jørn Lasse Førde Refsnes.

På ein pressekonferanse tysdag kveld blir Politireformen lagt fram. Men det er allereie komme fleire lekkasjar som viser at talet på politidistrikt blir redusert frå 27 til 12 politidistrikt.

Usamd i "resepten"

– Eg er ikkje overraska i forhold til det som er signalisert tidlegare. Men eg er likevel sterkt usamd i vurderinga som ligg til grunn for det, seier fylkesleiar i Politijuristforeininga, Jørn Lasse Førde Refsnes.

Førde Refsnes viser til Gjørv-kommisjonen sin konklusjon etter 22. juli som mellom anna peikte på ein del problem i Politiet når det gjeld kultur, haldningar og svakt leiarskap.

– Eg fryktar ei større eining vil føre til ei utarming av fagmiljøet. Det som er ein av grunntankane bak politianalysen er at ein skal ha robuste fagmiljø som skal handtere ei krevjande sakene.

A- og B-lag

Han fryktar dette vil skape eit skilje mellom Hordaland og Sogn og Fjordane.

– Det eg fryktar er at det blir oppretta einingar i Bergen som er rigga for å handtere vanskelege saker, så blir det opp til Politiet i Sogn og Fjordane å handtere dei mindre sakene. Det vil medføre rekrutteringsproblem, og lage B-lag av etterforskarar.

Førde Refsnes hevdar Sogn og Fjordane skårar betre på dei fleste undersøkingar som er gjort, som mellom anna på oppklaringsprosent, enn Hordaland.

– Vi skårar betre på alle parameter. Også i 2014 trass i har hatt store og krevjande hendingar, seier Førde Refsnes.

Politireforma skal opp Stortinget og då manar Førde Refsnes politikarane til å snu.

– Eg oppmodar politikarane til å tenke seg om. Sjå på realitetane. Og spørje seg kva vil innbyggjarane i Sogn og Fjordane har å tene på å slå seg saman med Hordaland.