NRK Meny
Normal

Vi sender cupfesten i Florø direkte på nett-TV

Florø tar i mot Sogndal heime i tredje runde av cupen, onsdag klokka 18.30. Kampen kan du sjå direkte her på våre nettsider.

Eirik Bakke og Terje Rognsø

DUELL: Sogndal-trenar Eirik Bakke (t.h.) var spelar sist dei møtte Florø og Terje Rognsø i cupen. Den gangen vann Florø 3–0.

Foto: Tor Erik Schrøder/Eivind Hauge / NTB Scanpix/NRK

Laster innhold, vennligst vent..

– Det gler meg at vi kan tilby denne godbiten til innbyggjarane i Sogn og Fjordane, seier distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane, Terje Gilleshammer.

Bygd mot by, sogningar mot sunnfjordingar og eliteserien mot førstedivisjon. Onsdag er det duka for cupfest i Florø, då «storebror» Sogndal kjem på besøk for å kjempa om spel i fjerde runde av cupen.

– Eg håpar flest mogeleg går på kampen, men for dei som ikkje har høve til det kan dei sjå den direkte her på våre nettsider, seier Gilleshammer.

Vann sist

Laga møttes også i cupen i 2012 og då vann Florø 3–0 etter scoringar av Stefan Aase, Simen Reksten Solheim og Stian Tansø. Florø var den gang eit tredjedivisjonslag og fleire av dagens spelarar var med på laget. Sogndal på si side stilte med profilar som noverande trenar, Eirik Bakke, Tore André Flo og Gustav Valsvik.

– Det vert spennande med lokaloppgjer og vi er budd på ein tøff kamp. Vi er inne i eit tøft kampprogram så nokon spelarar vil bli spart, mne vi skal stille eit slagkraftig lag, seier Sogndal-trenar, Eirik Bakke.

Florø på si side har aldri gått vidare frå tredje runde i cupen, og suksess i cupen gjev klingande mynt i klubbkassa.

– Ein siger vil gje nokre hundre tusen ekstra og det kjem godt med. Dei som kjem på stadion vil få oppleva godt stemning og eit Florø-lag som vil gå rett i angrep for å rysta storebror, seier Florø-trenar Terje Rognsø.

Florø-Sogndal - jubel på tribuna

FEST: Sist laga møttes i cupen var det 1500 tilskodarar på tribuna, som fekk sjå tredjedivisjonslaget Florø slå eliteserielaget Sogndal 3–0.

Foto: Alf Vidar Snæland
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.