Hopp til innhold

Benmoussa scora to då Florø banka Fana

Både Sogndal og Florø vann sine kampar i andre runde i fotballcupen.

Monir Benmoussa og Luc Jeggo

SETTE INN TO: Monir Benmoussa (t.v.) scora to mot Fana. Til høgre Luc Jeggo.

Foto: Truls Kleiven

Florø møtte eitt av botnlaga i 2. divisjon, Fana, og vann utan å overanstrenge seg med 5–1 etter 3–0 ved pause. Sogndal sleit lenge med Raufoss, som ligg på femteplass i si 2. divisjonsavdeling, men rodde det til slutt greitt i land med 2–0.

Florø-trenar Terje Rognsø seier dei hadde ein kampplan som denne gongen gav resultat.

– Vi gjekk ut i eit høgt tempo for å la det vere ein divisjonsskilnad i det. Vi hadde eit massivt press dei første minutta og fekk eit friskark som vi scopra på. Då fekk vi skuldrene litt ned, og vi heldt fram med å dominere.

– Drog opp handbrekket

Mål av Monir Benmoussa, Rashar Muhammed og Oliver Rotihaug gjorde at det stod 3–0 til pause. I andre omgang held Florø fram presset dei første 25 minutta, og Martin Hollevik og Benmoussa auka til 4–0 og 5-0, før Fana fekk eit trøystemål.

Terje Rognsø

NØGD TRENAR: Terje Rognsø hadde ein kampplan, og den vart fylgd.

Foto: Truls Kleiven

– Vi kunne ha ha leia mykje meir, men så dreg vi opp handbrekket, utan at det var heilt meininga. Men det er ny kamp søndag, bana er våt og krevjande, så det var greitt.

Rognsø seier det var godt for laget å få fleire nettkjenningar med tanke på sjølvtilliten.

– Det er aldri negativt å score mål, og folk får sjå ein del bra angrepsfotball.

For Florø betyr det og ein del økonomisk å gå vidare til tredje runde. Terje Rognsø seier det handlar om mellom 90.000 og 100.000 kroner.

Monir Benmoussa

SET INN NUMMER TO: Monir Benmoussa vart tomålsscorar i cupkampen mot Fana.

Foto: Truls Kleiven

Furebotn redda på streken

På Raufoss fekk Sogndal lenge tøff kamp av heimelaget, som hadde eit skot i treverket på stillinga 0–0 godt ute i andre omgang, og Henrik Furebotn avverja eit baklengsmål etter at ein Raufoss-spelar vippa ballen over keeper Tarjei Omenås.

Sogndal hadde på si side eit par kjempesjansar før det vart hol på byllen. Den forløysande scoringa kom etter eit langt innkast frå Taijo Teniste. Det fekk Espen Næss Lund hovudet på. Like etter gjorde Bendik Bye opp for eit par brende sjansar ved å sette inn 2–0.

Raufoss

GJEKK VIDARE: Sogndal måtte slite for cupavansementet på Raufoss.

Foto: NRK