Difor har vegvesenet enno ikkje fullt oversyn over skadane inne i tunnelen, men avdelingsdirektør Nils Magne Slinde reknar med at det er omfattande skade på installasjonane.
- SJÅ GRAFIKK:
– Vi hadde inne ein geolog i går kveld i lag med politiet. Politiet og Havarikommisjonen startar sitt arbeid i dag tidleg. Vi må og skaffe ein spylebil, for det er så mykje sot at det er vanskeleg å sjå skadane på installasjonane og tunneltaket.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Omfattande oppbyggingsarbeid
Slinde seier at dei står framfor eit omfattande oppbyggingsarbeid, først skal det vaskast, så må politiet og Havarikommisjonen gjere sitt etterforskingsarbeid.
– Først når dette er gjort kan vi gå i gang med sikringsarbeid, oppryddingsarbeid og få opp att dei tekniske installasjonane som er øydelagde.
(Artikkelen held fram under biletet).
Held uvedkomande unna
Kor omfattande skadane er har dei enno ikkje fått oversyn over.
– Vi gjekk ut og sa at tunnelen blir stengd i minst ei veke, ikkje fordi vi hadde detaljkunnskap om skadane i Gudvangatunnelen, men ut frå røynsle frå tunnelbrannar andre stader i landet.
Den utbrende semitraileren, ein buss og fleire bilar og campingvogner står framleis att inne i tunnelen, og Statens vegvesen har sett opp vakter i begge tunnelmunningane for å hindre at nokon tek seg inn.
– Ingenting inne i tunnelen må rørast før politiet og Havarikommisjonen har fått gjort sitt arbeid, så vi passar nøye på at tunnelen får stå i fred. Det er politiet som seier frå når vi kan gå inn og ta til med ryddinga.