Hopp til innhold

Han er overtydd om at han får halde fram som trenar ut sesongen trass mager poengfangst

SOGNDAL (NRK.no): Jonas Olsson er overtydd om at han får fullføre resten av sin siste sesong som Sogndal-trenar. Trass at Sogndal framleis ligg godt plassert i nedrykksgjørma.

Jonas Olsson om kampen mot Aalesund

TRENAR UT ÅRET: Jonas Olsson er 100 prosent sikker på at han får høve til å vere Sogndal-trenar ut året.

Fleire har den siste tida kravd endringar i Sogndal før dei siste, avgjerande kampane. Men Olsson meiner sjølv at det ikkje er nokon grunn til å gjere dei store endringane. Og han er sikker på at han er hovudtrenar ut året, slik kontrakten hans seier.

– Eg har ei enorm overtyding om at dette kjem til å gå bra. Då gjeld det at bygda og klubben ikkje planlegg at vi skal spele 1. divisjon neste år. Klarer vi oss, så har vi slege ein rekord. Og eg trur ikkje det er mange som har vore trenar i eliteserien for Sogndal i tre år på rad. Det er jo også ein rekord, seier Olsson til NRK.

– Men er du heilt sikker på at du får fullføre trenar-jobben ut kontraktstida?

– Når eg reiser herifrå, så er eg overtydd om at eg reiser frå eit tippeligalag.
Eg har blitt lova at eg skal få fullføre denne sesongen, og det er eg 100 prosent sikker på at det skal eg gjere, sler Olsson kategorisk fast.

Utan lokale spelarar

Sogndal klarte eitt poeng mot Aalesund søndag kveld, og ligg dermed framleis nest sist på tabellen, a poeng med Haugesund og eitt poeng bak Brann. Neste helg møter dei Sarpsborg 08 borte, og helga etter kjem Haugesund til Fosshaugane.

Men det mest overraskande for publikum på Fosshaugane var uansett at ingen frå Sogn og Fjordane var å finne i startellevaren. Det er første gang i fotballhistoria i Sogndal at det skjer.

– Det er jo kjedeleg. Men vi har ein situasjon der vi må ting til å gå i hop. Og det er vanskeleg å spele med ein skada Ruben Holsæter eller ein skada Kristian Fardal Opseth. Pluss at vi har seld utruleg mange spelarar som no er i eliteserien, påpeikar Jonas Olsson.

Psyche

SØRGA FOR UTLIKNING: Christophe Charles Steven Rene Psyche sørga for Sogndal sitt ulikningsmål i 2. omgang.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Likar ikkje fylkeslag-debatten

Han forstår at folk i Sogndal og i fylket elles snakkar om at det såkalla «fylkeslaget» er ein saga blott, men Olsson meiner at det ikkje er mykje han kan gjere no for å få fleire frå Sogn og Fjordane inn på laget raskt.

Det høyrer og med til historia at både Ulrik Flo og Rune Bolseth kom inn i 2. omgang mot Aalesund søndag.

– Eg likar ikkje heilt denne debatten. Eg tykkjer vi skal snu debatten og i staden sjå på at det kjem til å kome fleire spelarar frå Sogn og Fjordane. Vi jobbar godt med dette, meiner Olsson.

Trur det er litt tilfeldig

Sogndal-kaptein Rune Bolseth, som sjølv kjem frå Sandane, trur og reknar med at det er litt tilfeldig at ingen frå fylket starta kampen i dag. Sjølv har han slete med ei lårhøne siste veka, og var ikkje overraska over at han måtte sjå 1. omgang frå benken.

– Vi har mista ein del spelarar, til dømes Azar Karadas og Gustav Valsvik. Det er litt tilfeldig at det ikkje var nokon akkurat i dag. Det vil vel vere år og tider der det er færre spelarar frå Sogn og Fjordane enn det normalt er. No er det vel ei slik tid der ein kanskje må velje litt annleis. Det er ein balansegang, seier Bolseth.

Ulrik Flo om kampen mot Aalesund