Hopp til innhold

No blir Eirik Bakke sjef på bana der han dilta etter far sin frå han var ein liten gut

Eirik Bakke blei i føremiddag presentert som ny Sogndal-trenar. Sjølv har han visst om det ei stund, men har klart å halde det hemmeleg, sjølv for den næraste familien.

Eirik Bakke

PÅ HEIMEBANE: Eirik Bakke på kunstgraset på Fosshaugane fredag 13. juni. Frå 2015 blir han hovudtrenar for Sogndal på bana han vanka frå

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Som NRK skreiv torsdag kveld tek den tidlegare englandsproffen over laget når kontrakten med Jonas Olsson går ut etter inneverande sesong.

Sogndal Fotball og Eirik Bakke er samde om ei kontrakt som i fyrste omgang gjeld for 2015 og 2016.

– Eg har visst det ei god stund no. Men eg trur det var godt for alle i klubben no å få det ut. Å halde det hemmeleg så lenge er vanskeleg, eg sa det ikkje til min eigen familien ein gong før i går kveld. Det er godt å få det ut slik at eg kan fokusere på det som skal skje neste år, så kan Jonas Olsson og trenarteamet fokusere på det som skal skje vidare i 2014, seier Bakke til NRK.

– Eg vil takke for tilliten klubben har synt meg, og at ein torer å satse på ein lokal, ung trenar som meg, seier Bakke.

Var med faren på Fosshaugane

Eirik Bakke er fødd og oppvaksen i Sogndal, og far Svein Bakke er ei levande klubblegende, både som spelar, assistenttrenar og sportsleg leiar.

– Eg var med frå eg var liten gut saman med pappa og sidan så har eg vore i klubben. Eg har vore ute i utlandet nokre år, og så kom eg attende. Så eg har fått ein del erfaringar. Men det er klart det blir spesielt å få leie barndomsklubben sin. Det ser eg veldig fram til, og no byrjer det verkeleg å krible i magen, seier Bakke til NRK.

Bygd opp gradvis

Sogndal har oppnådd stor sportsleg suksess dei siste åra under leiing av først Harald Aabrekk og seinare Jonas Olsson. Begge trenarar med lang fartstid. Eirik Bakke har ikkje den erfaringa, men trur likevel at dette skal gå bra.

Svein Bakke

Svein Bakke er sjølv ei Sogndal-legende. No blir sonen hovudtrenar.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Men eg har alltid hatt mange tankar om kva eg har hatt lyst å gjere og no følte eg at no var tida inne. Etter at Harald Aabrekk og Jonas Olsson har bygd dette opp, så er det no på tide at vi tek dette vidare. Så må eg prøve setje ut i livet min filosofi rundt dette. Det som triggar meg mest er å utvikle det som er så bra med Sogndal fotball, meiner Bakke.

– Har du byrja å tenkje og planleggje korleis ditt Sogndal skal vere?

– Det har eg tenkt på i lang tid, men det skal eg også bruke tida på framover. Eg skal reise rundt og besøke litt ulike andre klubbar og få inspirasjon, slik at eg har litt meir kjøt på beinet når sesongen byrjar. Vi er ein klubb med lite ressursar, så vi kan ikkje vere naive. Vi kan ikkje vere Barcelona, men vi må prøve å ta litt vidare det som Harald og Jonas har bygd.

– Dette er stort for meg

Fosshaugane campus i Sogndal er noko heilt anna no enn det var då Eirik sparka sine første ballar saman med faren for nokre og tretti år sidan. Men den lett legendariske stadion betyr mykje for den nye Sogndal-trenaren.

– Det er klart at dette har vore ein stor del av livet mitt. Fotball er noko eg berre må drive på med. Eg føler at det er her eg skal vere, og no skal eg leie laget og setje mitt preg på det. Det er stort for meg.

Eirik Bakke og Tor Arne Ness

KLAR FOR TOPPJOBBEN: Ny trenar frå 2015, Eirik Bakke og styreleiar Tor Arne Ness på Fosshaugane fredag føremiddag.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Offensivt val

Styreleiar Tor Arne Ness seier at dei ser på Bakke som eit offensivt og spennande val for Sogndal sin del.

– Det er ein person som kjenner klubben godt, og har klare tankar om korleis laget og klubben skal utvikle seg vidare. Eirik har solid erfaring som spelar på øvste nivå både nasjonalt og internasjonalt. Han er ein inkluderande person som set spelarutvikling høgt, samtidig som han har ambisjonar og er resultatorientert, seier Ness.

Gått over tid

Olsson gav allereie under treningsopphaldet på La Manga i vinter beskjed om at 2014 vart hans tredje og siste sesong ved roret på Sogndal-skuta

I ei pressemelding trekkjer klubben fram svenskens store klubblojalitet og profesjonalitet.

– Jonas har både her og elles bidrege og lagt til rette for at klubben best mogleg skal utviklast og lukkast, både i notid og framtid, skriv klubben.


Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal