NRK Meny
Normal

Ola høyrde fleire smell frå hotellet

SELJE (NRK): Frå kjøkkenvindauget sitt såg Ola Hove Selje hotell bli slukt av flammane i natt. – Flammane spreidde seg fort i sønnavinden, fortel han.

Ola Hove

SMELL: Ola Hove hugsar godt då Selje hotell vart bygd opp. – Dette er berre ein trist dag for bygda og kommunen, seier han.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Ola Hove er ein av 37 personar som i natt vart evakuerte då det byrja å brenne i Selje hotell.

Klokka 08 melde brannalarmsentralen at heile romfløya er nedbrend.

– Eg bur så nærme at eg høyrde fleire smell. Eg lurte på kven som arbeider midt på natta. Då eg kom inn på kjøkkenet såg eg flammane stå høgt ut frå taket på romfløya, seier han.

Vakna av røyklukt

Sara Maria Kvernevik, Emanuel Kvernevik Sundal og Felix Kvernevik Sundal

EVAKUERTE: Sara Maria Kvernevik og sønene Emanuel Kvernevik Sundal og Felix Kvernevik Sundal er no på Selje skule.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

NRK møter dei evakuerte på Selje skule. Medan kring 30 brannfolk har kjempa mot flammane, er det her naboane til hotellet har søkt ly gjennom ei dramatisk, og søvnlaus natt. I 09-tida fekk dei evakuerte gå tilbake til heimane sine.

Allereie før brannvesenet kom fram, stod hotellet i full fyr. Til alt hell var det ingen personar i hotellet. Det var vinterstengt for første gang.

– Eg vakna av røykluft på soverommet og sjekka leilegheita mi. Då eg gjekk ut på altanen, såg eg at hotellet stod i full fyr. Eg var heilt sjokkert. Det var surrealistisk å sjå, fortel Sara Maria Kvernevik.

Gå til forsiden

Brann på Selje hotel

Selje hotell brann ned til grunnen

Brann på Selje hotel

9 bilder

    – Hotell vi var stolte av

    Hotellet ligg like utanfor sentrum, med sine 49 rom og kring 100 sengeplassar. Det har opp gjennom åra arrangert både konfirmasjonar, bryllaup og konsertar. Det har vore ein samlingsstad for bygda, og har gjeve tilreisande turistar både mat og tak over hovudet.

    Det var eit samlingspunkt som i natt gjekk opp i flammar.

    – Det var ein god arbeidsplass, det skapte liv, fekk mange besøkande og det var mange som sette pris på Selje og Selje hotell. Vi har vore stolte av det, seier Hove og skildrar brannen i natt som ei tragedie.

    Ola Hove filma denne videoen av hotellet som brann ned i natt.

    BRANN: Det var eit trist syn for mange seljeværingar då dei vakna til hotellbrannen. (FOTO: OLA HOVE)

    På veg til Selje

    – Eg har budd like ved sidan av, og eg hugsar då hotellet vart bygt. Eg har levd med det heile mitt vaksne liv, og tykkjer det er ufatteleg trist for bygda og kommunen, seier Hove som også sender sine tankar til tidlegare eigarar av hotellet, Harald og Gerd Kjellaug Berge.

    Noverande eigar, Aydin Akcay, seier til NRK at meldinga om brannen kom som eit sjokk. Familien er i Stockholm og vart varsla av politiet om brannen. Dei er no på veg til Selje.

    Avheng av hotellet

    Roald Halsør

    TRAGEDIE: Roald Halsør trudde ikkje det var sant då ungdomar vekte han og varsla han om brannen i natt.

    Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

    Dagleg leiar Roald Halsør ved Coop Prix opna butikken slik at brannmannskap og andre kan få seg mat og drikke. Han dreg ein parallell til Vik, der Hopstock hotell brann ned i 2010.

    Halsør meiner det er viktig for bygda at hotellet blir sett opp att.

    – Det har betydd enormt mykje for bygda. Ein sommar utan hotell i Selje blir ein nedtur. Vi har ulike arrangement om sommaren som avheng av hotellet. Utan det, må vi avlyse mange av tinga vi har hatt, seier han.

    – Eg kvir meg til det blir dagslys og eg ser kor gale det er, avsluttar han.

    Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
    Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
    veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser