Hopp til innhold

Tidlegare eigar: – Vi kvir oss til å sjå hotellet

Ekteparet Berge åtte Selje Hotel i nærare 40 år, før dei selde det for to år sidan. I morgontimane fredag følgte dei med via internett då livsverket brann ned.

Brann i Selje hotell

KONTROLL: Brannvesenet har no kontroll på brannen, men store delar av hotellet har gått tapt.

Foto: Erik Hove

– Vi kvir oss til å sjå hotellet. No har vi følgt med på dei bileta som er lagt ut på nettet og det ser heilt forferdeleg ut, seier tidlegare eigar Harald Berge.

Harald og Gerd Kjellaug Berge

38 ÅR: Harald og Gerd Kjellaug Berge åtte Selje Hotel i 38 år, før dei selde det i 2014.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Store delar av Selje Hotel har gått tapt i ein brann fredag morgon. Hotellet var vinterstengt og det var ikkje folk i bygningen då den tok til å brenne. Harald og Gerd Kjellaug Berge åtte og dreiv hotellet i 38 år, men selde hotellet for to år sidan. Harald Berge håpar ryddearbeidet kjem raskt i gang.

– Bygda har bruk for hotellet. No har det vore hotell i Selje i 40 år, så den epoken bør ikkje få ein slik slutt. Eg håpar det blir sett full fart med ryddearbeidet, slik at arbeidet med å bygge opp att kjem rask i gang.

Mange tankar

Selje Hotel

BØR HALDE FRAM: Harald Berge meiner ein førti år lang epoke med hotell i Selje ikkje bør ta slutt på grunn av brann. Han håpar det no blir sett i gang rydding raskt.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Ekteparet Berge var i Sogndal då dei fekk vite om brannen fredag morgon, og Harald Berge fortel at dei er usikre på om dei drar opp att til Selje fredag eller laurdag. Gerd Kjellaug Berge fortel at det er vanskeleg å skildre korleis det kjennest å sjå hotellet dei har drive i nærare 40 brenne ned.

Selje hotell brann ned til grunnen
Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Det er heilt sjokkarta. Når vi no sit og ser på ein video som NRK har lagt ut på nettet, så er det mange tankar som surrar rundt i hovudet. Trist blir eit lite ord i denne samanhengen.

Selje hotell har stått i full fyr fredag morgon. Slik såg det ut då Erik Hove var på staden for NRK.

SLIK: Det var slik det såg ut då Selje Hotel var i full fyr fredag morgon.

Livsverk

Selje Hotel vart livsverket til ekteparet Berge. Gerd Kjellaug fortel at dei i timane sidan brannen vart kjent har fått støttande meldingar frå tidlegare gjestar og andre. Ho trur det bør vere mogleg å få til eit nytt hotell i bygda og fortel at dei har mange gode minner frå tida på det gamle hotellet.

– Det vart eit livsverk for oss. Vi kom til Selje då vi var i trettiåra og hadde små barn. Heile oppveksten til barna, og liva våre har vore på hotellet. Det vart ein epoke for oss, og vi har mange gode minner.