Hopp til innhold

Det brenn på Hopstock Hotel i Vik

65 gjestar måtte evakuere frå hotellet i natt.

Det brenn på Hopstock Hotel i Vik, og slokningsarbeidet pågår fortsatt.

Politiet fekk melding like før klokka tre i natt og både politi, brannvesen og ambulanse var raskt på staden.

Det brann då på kaldloftet og gjennom taket.

- Alle dei 65 gjestane og dei tilsette kom seg ut utan at nokon vart fysisk skadde, fortel Arild Stokkereit hos politiet.

Brann på Hopstock Hotel i Vik
Foto: Kjell Brekke