I går vart det kjent at miljøverka i Sunnfjord og Nordfjord til saman skal sende ti vogntog i veka med boss til Sverige frå neste år.
Hagenlund seier dei berre kan pålegge selskapa å slutte med deponering av våtorganisk avfall.
Trugsmål
Sunnfjord Miljøverk - Sum - samlar inn boss frå Ytre Sogn og Sunnfjord, og i Nordfjord er det Nomil. Begge selskapa valde i si tid å deponere hushaldningsavfallet. Det får dei ikkje lov til det lenger, og det er trugsmål frå Fylkesmannen om bøter som har fått selskapa til i staden å sende avfallet ut av landet.
Både i Flora og i Sogndal finst det i alternativ til transport ut av fylket, men Fylkesmannen kan altså ikkje pålegge selskapa å nytte desse alternativa.