Hopp til innhold

Og stormen var ikkje stilna likevel

Tre månader etter at NRK slutta å sende på FM-nettet i Sogn og Fjordane er meiningane om DAB like sterke som før slokkinga.

Avdelingsdirektør i NRK, Øyvind Vasaasen

DAB-SJEFEN: Øyvind Vasaasen i NRK synest det er bra at folk engasjerer og melder tilbake når dei har problem med DAB-radioane sine.

Foto: Trond Lillebo

Ein tittel om at stormen mot DAB har stilna var nok til å kveike liv att i debatten om slokking av FM-nettet.

– Eg skal vedgå at eg tykte DAB var noko stort tull. Vi hadde greidd oss godt med FM. No ser eg at det er fint å kunne velje mellom fleire kanalar. Eg høyrer mellom anna på Norsk pop og Vinyl, fortel bygdelagsleiar på Veitastrond og tidlegare DAB-skeptikar, Asbjørn Nes.

Asbjørn Nes

SNUDDE SKEPSIS: Asbjørn Nes var skeptikar, men likar no tilbodet den nye radioen gir han.

Foto: privat

For hans del snudde synet på DAB etter at bygdefolket klaga på dekninga og NRK ordna raskt opp. I dag har Veitastrond god dekning.

Men skal vi tru reaksjonane på saka om Nes, er stormen slett ikkje stilna. Og mange har tydelegvis alt anna enn forsona seg med nyvinninga.

– Har stormen stilna?

I skrivande stund har tråden til saka på Facebook 134 kommenterarar, der storparten er negative og sterkt kritiske til DAB:

«Stormen mot dab har stilnet? Kommentarfeltet her ser nå iallefall ut sånn det alltid gjør når det er åpent kommentarfelt under artikler om dab. Etter 5 timer er det 80 sinte kommentarer mot og kanskje en eller maks to positive,»

«Begrensa kor lenge folk gidd å stange hode mot veggen da.. alle store tettsted har grei dekning, men vi i bygdene spring som tullinga rundt hushjørnene med vår nye påtvunget dab-radio i jakt etter signal.. Forsona seg , liksom...»

«Har nå 17 ubrukelige radioer kommer ikke til å kjøpe noe nytt !»

«DAB er blitt er prestisje prosjekt for staten! Internett radioen vil ta over markedet innen få år! Tenk kostnaden for å bygge, drifte og utskiftninga av eletronikken. 13 milliardar er total kostnaden for prosjektet, alle våre naboland såg galskapen og stoppa prosjektet i tide...»

– Flott engasjement

Øyvind Vasaasen, avdelingsdirektør i NRK, er vane med sterke meiningar om DAB.

– Det er bra at folk engasjerer seg. Det er viktig at NRK får tilbakemeldingar viss det er lyttarar som har problem med å ta inn sendingane eller bruke utstyret.

Seier frå i sosiale medium

I sosiale medium er det mange som påstår at folk har slutta å høyre på radio etter at DAB vart innført, men ifølgje Vasaasen er det ikkje slik.

– Det vi veit er at 1,9 milliionar nordmenn lyttar til DAB kvar dag. Mi vurdering er at dei ikkje hadde gjort det viss dei hadde vore misfornøgde. Vi har nok ei gruppe som synest overgangen er krevande, og som brukar sosiale medium til å seie frå, seier Vasaasen.