Hopp til innhold

– Dekninga på Veitastrondi er veldig god

Tre månader etter at NRK-kanalane vart tekne vekk frå FM i Sogn og Fjordane ser det ut til at dei fleste radiolyttarane har forsona seg med DAB.

Asbjørn Nes

NØGD MED DAB: Asbjørn Nes i Veitastrond bygdelag seier dei aldri har hatt betre lyttartilhøve enn no.

Foto: privat

Med eit par unnatak, nokre bygder i Selje og i Solund, er DAB-dekninga god. Ei av bygdene som i mai såg ut til å hamne i DAB-skuggen er Veitastrondi i Luster.

Der fekk dei opp sendar før FM vart historie i Sogn og Fjordane den 21. juni. No er leiar Asbjørn Nes i Veitastrond bygdelag veldig godt nøgd med radiodekninga.

– Dekninga på Veitastrondi er veldig god, iallfall for alle NRK-kanalane. Vi har aldri hatt betre lyttartilhøve enn vi har no. Det gjeld også på vegen frå Hafslo til bygda.

Då bygdelaget i mai klaga på kor dårlege DAB-signala var, kom det nytt utstyr på plass.

– Eg trur aldri eg har opplevd at ei klage har blitt teken til følgje så fort. Berre ei veke etter kom det folk for å montere DAB-sendarane, så det var heilt fantastisk.

– Tykte DAB var noko stort tull

På førehand var mellom anna Facebook full av innlegg om kor elendig det ville bli når folk ikkje lenger kunne høyre radio på FM. Asbjørn Nes var sjølv mellom skeptikarane.

– Eg skal vedgå at eg tykte DAB var noko stort tull. Vi hadde greidd oss godt med FM. No ser eg at det er fint å kunne velje mellom fleire kanalar. Eg høyrer mellom anna på Norsk pop og Vinyl.

Honningsvåg ved Stad

UTAN RADIOSIGNAL: Honningsvåg er ei av bygdene på Stadlandet som må vente til november med å få DAB-dekning.

Foto: Merete Høidal / NRK

– Heilt daudt

Men i Honningsvåg på Stadlandet er ikkje Rolf Ervik like nøgd. For han og dei fleste andre av dei 40 innbyggjarane er framleis heilt utan radiodekning, slik dei var i juli.

– Her er det heilt daudt. Det er ein her i bygda som får inn DAB-signala oppe på loftet sitt. Vi var lova full dekning, det har ikkje skjedd. I NRK i Oslo påstår dei at vi har full dekning når dei ser på kartet sitt, men slik er ikkje realitetane. Og det er skremmande no når haust- og vinterstormane set inn.

Honningsvåg er ikkje den einaste bygda på Stadlandet som er utan radiosignal, og i Ytre Sula i Solund er det også eit kvitt felt.

Petter Hox

DAB-HÅP: Petter Hox lovar DAB-signal til Stadlandet og Ytre Sula i november.

Foto: NRK

Får DAB i november

Radiodistribusjonssjef Petter Hox i NRK lovar at det snart er håp om at dei kan ta i bruk att radioane sine på desse stadene.

– I november blir det montert sendarutstyr både på Stadlandet og i Ytre Sula.

I mellomtida er Rolf Ervik ikkje særleg nøgd med situasjonen.

– Det er veldig dårleg. Dei burde ha bestilt inn sendarar lenge før. Det einaste eg har fått inn på radio er nokre engelske kanalar på langbølgje, med mykje skraping.

28. september: NRK Sogn og Fjordane har endra den opphavelege tittelen som var "DAB-stormen har stilna" til "– Dekninga på Veitastrondi er veldig god". Vi ser at den første tittelen var for konstaterande og ikkje viste nok til den konkrete situasjonen på Veitastrond.