Hopp til innhold

Årets sykkeltalent saknar bakkar i VM-løypa

Etter ni dagar med trening og fotballspelet Fifa på hotellrommet, skal Sedrik Ullebø (18) endeleg i dyst under sykkel-VM i Qatar.

Sedrik E. Ullebø

SPENT: Sedrik E. Ullebø frå Høyanger gler seg til VM-debuten fredag. – Det er bra stemning og godt med folk rundt løypa. Det gir deg litt ekstra krefter, og når du nærmar deg mål kjem adrenalinet, seier han.

Foto: Norges Cykleforbund

– Det har blitt nokre lange dagar, men det har gått fint. No byrjar eg å kjenne på nervane. Eg er spent, seier Sedrik Ullebø frå Høyanger kvelden før VM-debuten i Doha.

Håpar på pallplass

Årets sykkeltalent frå Høyanger står på startstreken når juniorane legg i veg på «The Pearl» fredag klokka 12. Etter eit kring tre timar langt ritt meiner han det er realistisk å vere blant dei fem første som trillar over målstreken.

– Eg føler forma er på plass, så det skal ikkje stå på den. Det blir å takle varmen og håpe på det beste, seier han.

Med full klaff, kan det bli pallplassering. Og Kristoffer Halvorsen sitt VM-gull torsdag blir ei vitamininnsprøyting.

– Ein skal aldri seie aldri. Målet er å ligge så langt framme som mogleg og spare, og eventuelt vere med i brot om det blir nokre, legg han til.

Varmerom og badstove

Varmen har vist seg som svært utfordrande for ein del syklistar under meisterskapen. Mellom desse gullhåpet Edvald Boasson Hagen, som i går enda heilt nede på ein 39.-plass.

Ullebø har brukt varmerom og vore i badstova for å venne seg til varmen.

– Det er ikkje spesielt mykje, men eg fryktar ikkje at det kjem noko overrasking under rittet. Eg føler eg taklar varmen ganske bra og håpar eg gjer det under rittet også, seier 18-åringen.

Helst fleire bakkar

– Korleis passar løypa til deg?

– Den er eigentleg heilt flat, med ein del rundkøyringar. Løypa er teknisk, men det skal gå fint. Eg skulle helst sett ein liten bakke der så vi kunne skilt litt meir, men eg trur det vil bli køyrt ekstremt hardt. At feltet sprekk opp er til min fordel.

Ullebø er ikkje førstereisgut i store meisterskapar. I fjor velta han og braut handa i EM. I år reiste han til same meisterskap med sjukdom. Då enda han på tiandeplass.

– Eg låg berre bak og sparte krefter, og hadde ikkje dagen i det heile. Fredag kjem eg i alle fall ikkje til å ligge bak. Det går ikkje i den løypa. Då er ein mest truleg ute allereie på første runden, avsluttar han.