Varmekollaps for Boasson Hagen

Edvald Boasson Hagen mislykkast heilt på dagens tempo i VM i Qatar. – Varmen er ikkje hans rette element, seier landslagssjefen.

hagen

KOLLAPS: Edvald Boasson Hagen fekk det ikkje til i dagens VM-tempo.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Tyske Tony Martin tok attende tempotrona då han knuste konkurrentane i onsdagens VM-tempo i Doha.

Besten nordmann blei til slutt Vegard Stake Laengen, som endte på 23. plass i den brennande varmen i Qatar.

Og det var varmen som gjorde at vår største forhåndshåp, Edvald Boasson Hagen, kollapset helt.

– Ikke hans element

Men Boasson Hagen opna løpet bra. Utover i konkurransen blei det derimot klart at han ikkje greide å hamle opp med det beste.

– Det var tøft, det var Ikkje uventa. Men det blei i overkant tøft, seier Boasson Hagen til NRK etter rittet.

Han seier at det rett og slett ikkje var hans beste dag på sykkelsetet.

– Eg er sliten. Det skulle vore meir medvind, men eg skal ikkje skulde på det. Eg hadde ikkje den beste dagen. Det fungerte ikkje som det skulle.

Heller ikkje landslagssjef Stig Kristiansen likte det han såg av Boasson Hagen i dag.

– Varme er ikkje hans rette element. Det ville seg ikkje i dag heller.

Sykla med kjølevest

Men det står ikkje forberedelsane for Edvald Boasson Hagen. Før rittet har han brukt varmerom for å gjere seg klar, og i dagens ritt brukte han kjølevest for å halde temperaturen nede. Etter den skuffande plasseringa er han likevel usikker på om det hjalp.

– Det er vanskeleg å seie. Men det var i alle fall eit forsøk.

Landslagssjef Kristiansen meiner han har ein naturleg forklaring på at nordmannen ikkje får det til i varmen.

– Me er nordmenn. Me er født lenger nord for Ekvator enn her. Me har ein fordel i kaldvêr, men på den andre sida so opplev me ikkje det varme og tørre vêret dei har her so ofte.

Ikkje bekymra for neste ritt

På søndag går fellesstarten av stabelen i Qatar, og der er Alexander Kristoff Norges beste kort. Landslagssjefen trur ikkje at dagens ritt tilseier at Boasson Hagen ikkje kan yte god hjelp for Kristoff.

– Nei

– Fordi?

– Han har aldri vore noko stort usikkerheitsmoment der. Det er ingen ny informasjon her. På søndag er det nye kort i kortstokken, og ein heilt anna konkurransesituasjon.

Også Boasson Hagen er svak optimist før rittet søndag, sjølv om han kom 3 minuttar og 50 sekund bak Tony Martin på dagens tempo.

– Forhåpentlegvis blir det betre. Det er jo også meldt kaldare vêr.

– Eg svima ikkje av

Dagens beste nordmann, Vegar Stake Laengen er nøgd med at han kom i mål utan å svime av.

laengen

NØGD: Vegard Stake Laengen var greitt nøgd etter 23. plassen i VM-tempoen.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Det var skikkelig hardt, slik som forventa. Eg har ikkje svima av, so er nøgd.

Han klarte å halde meir jamn fart enn Boasson Hagen gjennom VM-løypa, men merka godt at han hadde vore ute og sykla i varmen då han prata med NRKs reporter.

– Eg merkar eg er litt svimmel, det er vanskeleg å halde tunga rett i munnen.

Laengen enda til slutt 2.44 bak vinnaren Tony Martin.

Siste nytt

  • LSK vant målrik serieåpning

    LSK Kvinner var på vei mot et svært overraskende tap hjemme mot Kolbotn i sesongåpningen. Så våknet den regjerende mesteren og snudde til 4-3-seier. Med 23 minutter igjen å spille var det gjestene Kolbotn som ledet 3-1, så kviknet LSK til. Først reduserte Guro Reiten til 2–3 etter 73 minutter, og deretter utlignet Emilie Haave to minutter senere. Ett minutt før slutt var snuoperasjonen komplett da Reiten satte inn sitt andre mål for dagen da hun scoret på straffe.

    Guro Reiten
    Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
  • Gangnes blir servicemann

    Kenneth Gangnes måtte gi seg på landslaget før jul på grunn av skade, nå blir han landslagets nye servicemann. Gagnes tar over for østerrikeren Thomas Hörl, som gir seg etter ni år.

    – Det blir gøy å være med og bidra på en litt annen måte enn å hoppe selv, sier Gangnes.

    Kenneth Gagnes
    Foto: Frode Søreide / NRK
  • TV 2: Ødegaard starter mot Spania

    Martin Ødegaard får sjansen fra start borte mot Spania, skriver TV 2. Mohamed Elyounoussi, som ikke har hatt tillit i Southampton, henvises dermed til benken, ifølge kanalen. TV 2 melder at Lars Lagerbäck har tatt ut følgende lag: Rune Almenning Jarstein - Omar Elabdellaoui, Kristoffer Vassbakk Ajer, Håvard Nordtveit, Haitam Aleesami - Stefan Johansen, Markus Henriksen, Ole Selnæs, Martin Ødegaard - Joshua King, Tarik Elyounoussi.

    Ødegaard
    Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal