Hopp til innhold

Nytt tap for Sogndal på La Manga

Den tredje treningskampen på La Manga enda også med tap for Sogndal.

Harald Aabrekk

TAP: Trenar Harald Aabrekk og Sogndal tapte også den tredje treningskampen på La Manga.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

I dag skulle dei kjempe knallhardt for siger, men det gjekk ikkje deira veg. Det enda med 1-0 til Haugesund.

I følgje heimesidene til Sogndal Fotball, var det to skadeskotne lag som møttest i dag. Ein tredel av stallen til Sogndal er ute med skader.

Også dei to første kampane på La Manga enda med tap. Neste treningskamp blir mot Sandefjord på tysdag.