Sogndal tapte mot spansk lag

Det enda med tap for Sogndal då dei møtte spanske Cartagna B på La Manga i kveld.

Peter Aase (t.v.), Eirik Bakke og Stefan Aase

LOVANDE UNGGUTAR: Peter Aase (t.v) og Stefan Aase (t.h) fekk prøve seg frå start i dag. Arkivfoto

Foto: Arve Uglum / NRK

Spanjolane vann treningskampen 3-1. Det første målet til det spanske laget kom etter 15 minutt og vart det einaste målet i 1. omgang.

Slurvete mål

I 2. omgang utlikna 15-åringen Stefan Aase for Sogndal, skriv Sogn Avis. Like etter fekk dei to mål mot seg og dermed vart det tap.

Håvard Flo hadde fått trenaransvar i dag. Han meiner dei leverte ein grei kamp.

– Men vi fekk to dumme baklengsmål mot oss. Dette var slurvete, og forsvarsspelarane som gjorde feila er klar over det, seier han til avisa.

Brødrene Aase frå start

Det var eit reserveprega sognalag som starta i den andre treningskampen i Spania. Flo seier at resultatet ikkje var det viktigaste, men at nye spelarar fekk prøve seg på bana.

Desse starta på banene i dag:

Joseph Bendik - Eivind Daniel Røed - Vegard Gjermundstad - Elvis - Thomas Ness - Isak Scheel - Peter Aase- Stefan Aase - Barry Kader - Vegard Dyrstad - Joakim Rudolfsen

På benken: Per Egil Flo - Henrik Furebotn - Ulrik Flo - Espen Olsen - Ole Jørgen Halvorsen