Hopp til innhold

Nytt studium på siste høgskuleopning

Høgskulen i Sogn og Fjordane på Vie i Førde kunne ønskje studentane velkomne til eit nytt fag, då dei hadde sin siste skulestart som eigen skule.

Første skuledag for høgskulestudentane på Vie

FLYTTA UT: Opninga av høgskulen skulle eigentleg finne stad i kantina, men vart flytta ut i det fine vêret.

Foto: Sondre Lingås Haukedal / NRK

Det var strålande sol då rektor kunne ønskje nye elevar velkomne utanfor høgskulebygget på Vie i Førde. Til saman er det nærare 100 nye ingeniørstudentar og om lag 90 sjukepleiarstudentar som tok til på studiet onsdag. Årets skulestart blir den siste før samanslåinga med høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund.

Linn Grepstad Nes og Arve Leiknes

SAMARBEID: Linn Grepstad Nes ved HiSF og Arve Leiknes ved HiB har samarbeida om den nye byggfaglinja i Førde.

Foto: Sogn og Fjordane / NRK

På skuleopninga vart også den nye ingeniørlinja bygg- og anlegg opna. Linja er bygd opp i samarbeid med næringslivet i Førde. Det er andre gong på få år at næringslivet går saman med høgskulen for å starta opp ei linje.

– Det er masse studentar her, og det er kjekt å endeleg få starte opp studiet. Næringslivet har vore med å bygge opp linja, det er utruleg bra. Linja er nok viktig for høgskulen. Det er noko eigeninnsats frå høgskulen og ein del hjelp frå andre. Det er bra med gode støttespelarar, seier prosjektleiar for linja Linn Grepstad Nes.

Samarbeid med Bergen

I tillegg til næringslivet i Førde var det nye studiet eit samarbeid mellom Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskulen i Bergen. Instituttleiar for byggfag i Bergen, Arve Leiknes, seier det er eit samarbeid som også gjeld undervisninga.

– Reint praktisk går det ut på at vi vil overføre noko av undervisninga som går føre seg i Bergen til Førde. Vi vil ha folk som vil reise opp til Førde for å undervise og rettleie studentane.

Søknadsrekord

Dagrun Kyrkjebø

TRYGT: Dagrun Kyrkjebø trur mange unge oppfattar jobbar innan helsesektoren som trygge i økonomiske nedgangstider.

Foto: Sondre Lingås Haukedal / NRK

Også dei nye sjukepleiarstudentane hadde sin første skuledag onsdag. I år er det fleire som har søkt på sjukepleiarutdanninga i Førde enn nokon gong før. Det er instituttleiar for utdanninga, Dagrun Kyrkjebø nøgd med.

– Det er ei veldig kjekk oppleving, det var ei lita gledeleg overrasking. Eg trur noko av grunnen til at vi har hatt så stor auke er at ungdom vel meir tradisjonelt på grunn av nedgangstidene. Dei ser at ei karriere innan helse kan vere trygt.

Godt rykte

Ei av dei som starta utdanninga si på Vie i dag er Julie Katharina Knotten. Ho skal studere på sjukepleiarlinja og seier at linja si rykte var medverkande til å studere i Førde.

– Eg har trua på at dette vil bli tre gode år. Eg har høyrd mykje godt om Førde og om Høgskulen i Sogn og Fjordane. Det er fleire eg kjenner som har blitt sjukepleiarar i Førde og dei har skrytt mykje av skulen og sagt at eg absolutt bør studere her.