Måndag ønskte rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane studentane velkomen til første skuledag for siste gong som eigen skule.
Då eit splitta høgskulestyre gjekk inn for å gå inn i ein ny vestlandshøgskule vart det klart at årets studiestart vart den siste som sjølvstendig skule. I 2017 blir fusjonen fullført, rektor for høgskulen, Rasmus Stokke, trur ikkje studentane vil merke nokon stor skilnad.
– Undervisninga, studia og lærarkreftene vil vere slik som før. Så dei vil truleg ikkje merke så veldig mykje. Den nye organisasjonen skal byggast opp dei komande åra og det blir nok meir framtidige studentar som vil merke ein skilnad.
– Venskap er viktig
I opningstalen sin via rektor Stokke mykje tid til viktigheita av å knytte vennskap. Han fortel at det er viktig for å lære.
– Studentar søkjer seg til ein studiestad for å lære, men og for å skape sosiale fellesskap. Når ein dannar slike så trivst ein og då lærer ein.
Valde Sogndal for naturen
Ei av dei som hadde sin første skuledag ved Høgskulen i Sogn og Fjordane måndag er Andrea Østbø frå Stavanger. Ho skal studere idrett, fysisk aktivitet og helse, og gler seg til å starte skuleåret.
– Eg trur det vil bli veldig bra. Det at miljøet her er ganske lite trur eg vil føre til at det blir gode vennskap. Grunnen til at eg valde Sogndal er moglegheitene for friluftsliv, eg har gledd meg veldig til den fine naturen.
– Litt nervepirrande
Dei to første vekene av studieåret, fadderveka, skal erfarne studentar vise rundt og hjelpe nye studentar med å finne seg til rette. Andrea Kopperud er ei av dei som har ansvaret for å hjelpe årets førsteklassingar innan idrett, fysisk aktivitet.
– Det er litt nervepirrande eg kjenner kjensla dei har i kroppen og vi er også litt nervøse, sjølv om vi har gledd oss veldig. Det er veldig kjekt å kunne gi dei eit godt førsteinntrykk av bygda, skulen og alt.