Hopp til innhold

Nytt prosjekt skal gjere livet enklare for synshemma Oliver (10)

FØRDE (NRK): Ein genfeil har gitt Oliver Vangsnes (10) ei synshemming. Men no skal eit splitter nytt undervisningsprosjekt gjere det mykje enklare for kameratane hans å forklare kva dei vil at han skal vere med på.

Sofia, Silje og Oliver Vangsnes

GLADE FOR PROSJEKTET: Silje Vangsnes og sonen Oliver (10) er begge fødde med ein genfeil som gjer at dei har ei synshemming. Dei er glade for den nye nettsida. Systera Sofia på halvanna år har ikkje genfeilen.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Det kan vere vanskeleg når medelevar berre peiker og ikkje forklarer kvar ein skal, seier Oliver Vangsnes (10), som er fødd med ei synshemming.

Eit heilt nytt undervisningsprosjekt skal bidra til å auke forståinga for korleis det er å vere synshemma barn både i skulen og på fritida. Både Oliver Vangsnes (10) og mora Silje Vangsnes har ein genfeil som gjer at dei er fødde med ei synshemming.

– Det er litt vanskeleg å sjå ting viss folk seier skal vi går bort dit, og så berre peiker på sandkassa – så trur eg kanskje at dei meiner dissa ved sida av, fortel Oliver.

Korleis kan dei du går på skule med vere mot deg for at du skal ha det greitt?

– Kanskje dei kan forklare litt meir – for eksempel seie skal vi gå å leike i sandkassa?, i staden for at dei berre peiker, seier han.

Mindre mobbing

Det er tidlegare dagleg leiar i Blindeforbundet i Sogn og Fjordane Heidi Sårheim og Espen Lahnstein frå Blindeforbundet som har laga undervisningsprosjektet «Ser du meg?».

– Formålet vårt har heile tida vore å bidra til mindre mobbing og mindre utanforskap for synshemma elevar i skulen, seier Sårheim.

– Då vi starta, sat vi på tal som viste at ca. 60 prosent av synshemma i skulen rapporterer om utanforskap og mobbing. Vi tenkjer at dette er viktig å gjere noko med.

Større forståing

Prosjektet har resultert i ei nettside for lærarar og elevar, med ein film, oppgåver og ressursbank. På nettsidene gir dei også konkrete råd til korleis ein kan inkludere og vere ein god venn på skulen og i fritida.

– Det kan vere korleis ein skal følgje nokon i ein gymtime eller kvifor det er viktig å fortelje kvar ein går. Det er ikkje noko hokuspokus, men greie rettesnorer for lærarar, elevar og foreldre, seier Sårheim.

– Inkluder

Det er Utdanningsdirektoratet som i hovudsak har finansiert prosjektet. Nettsidene har vore viste fram til mellom andre direktoratet, til forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) og Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon sentralt – til gode tilbakemeldingar.

Sårheim seier det har vore viktig for dei å dra dei store linjene, og endre haldningar ikkje berre i skulekvardagen – men resten av livet.

Silje Vangsnes er glad for at prosjektet har vorte realisert. Ho meiner det trengst meir kunnskap om synshemmingar.

– Eg var veldig glad for at nokon vil lage eit slikt prosjekt. Råda som blir gitt er korrekte og relevante, meiner ho.

Kva råd ville du sjølv gitt?

– Inkluder! Ta oss med. Det er ikkje like enkelt alltid å ta initiativ når du ikkje veit, seier Vangsnes.

Iselin Nybø og Petter Smedsrud

SETT PROSJEKTET: Minister for forsking- og høgare utdanning, Iselin Nybø (V), har ifølgje Heidi Sårheim gitt god tilbakemelding på prosjektet. Her saman med Petter Smedsrud, som har ei synshemming og medverkar i filmen på nettsida.

Foto: Heidi Sårheim