Hopp til innhold

Nytt kjempeunderskot i Helse Førde

Prognosar viser at Helse Førde går mot eit nytt kjempeunderskot i 2009.

Arkivfoto

Like sikkert som at sommar vert til haust, ser det ut til å vere at Helse Førde går på trynet økonomisk.

Dei raude tala ser så langt ut til å ende på 95 millionar kroner .

- At vi ikkje klarer å følgje budsjettet er eit avvik. Blir det slik har verken styret eller administrasjonen gjort jobben sin. Slik er det, seier ho.

- Kan ikkje leve med det

I år som i fjor, og åra før det igjen, leverer helseføretaket blodraude tal. Det skjer berre månadar etter at styret vedtok eit budsjett som skulle halde. I år er underskotet 55 millionar kroner. I tillegg kjem dei 40 millionane som Helse Vest gav helseføretaket lov til å gå med underskot.

- Vi kan ikkje leve med det. Spørsmålet er kor lenge ein i det heile kan drive med den drifta vi har, når det viser seg at vi ikkje klarer å drive innan råma, seier Øberg.

Ordknapp direktør

Styreleiaren har likevel ingen planer om å gje opp og gå av. Det ho meiner, er at føretaket må sjå på nye tiltak neste budsjettår. I år blir det om å gjere å styre skuta så godt dei kan ut frå vedteke budsjett. Viseadministrerande direktør i Helse Vest, Helge Bryne, er ordknapp om underskotet og om styret og leiinga er freda.

Astrid Gytri, Helge Bryne, Arve Varden og Jorunn Ringstad

Viseadministrerande direktør i Helse Vest, Helge Bryne, sit også i Helse Førde-styret.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

- No vil eg ikkje gå inn på ein overordna langsiktig vurdering. Eg har gjeve ein kommentar til resultatet per juli, og vil som sagt følgje dette opp i styremøte, seier han.