Helse Førde fekk løyve frå Helse Vest til å gå med eit underskot på 40 millionar kroner i budsjettet for 2009. No ser det altså ut til at beløpet vert mykje høgare.
Ved utgangen av juli var resultatet 25,1 millionar kroner svakare enn budsjettet.
At Helse Førde ser ut til å gå på ein ny stor økonomisk smell forklarar administrasjonen med høgare lønskostnader og kraftig auke i andre driftsutgifter.
Dei blodraude tala får styret i Helse Førde presentert på møte førstkommande fredag.