Hopp til innhold

Nyt sola medan du kan, når påska er over kjem lågtrykka

Meteorologane kan love endå nokre dagar med påskesol, men så er det slutt. Då kjem nedbøren.

Stemningsrapport frå påskefjellet

FRAMLEIS SOL OG FINT: Stemningsrapport frå påskefjellet.

Foto: Cecilie Tveito

– Finvêret kjem til å halde fram i dag, men i nord er det nokre byer som trugar slik at i ytre deler fylket så kan ein få nokre sludd eller snøbyer i ettermiddag, seier Tone Christin Thaule, som er vakthavande meteorolog.

Men ut over det ser påskesola ut til å halde seg både sundag og måndag. Tidleg måndag føremiddag kan det rett nok vere fare for nokre byer på kysten. Tysdag derimot, då snur vêret.

Vind frå sør

Det kjem vind frå sør og søraust. Då vert det gradvis meir skya og på ettermiddagen kan det kome litt nedbør.

– Då kjem det ein front inn over Sogn og Fjordane, og eg trur nok nedbøren kjem som sludd til å byrje med, før det går over til regn i låglandet i ytre deler, seier Thaule.

Men aldri så gale at det ikkje er godt for noko. For med regnet forsvinn også gras- og skogbrannfaren. Over store deler av Vestlandet har det stabile finvêret dei siste dagane ført til stor gras- og skogbrannfare. I Sunnfjord har fem kommunar blant anna innført bålforbod.

Plussgrader også om natta

– No ser det ut til at det vert nokre dagar med nedbør, og den første kjem då i løpet av ettermiddagen tysdag, seier Thaule.

– Så då er det berre å nyte den siste resten av påskesola?

– Ja, det vil eg seie. No ser det ut til at det vert litt mildare luft i samband med den fronten som kjem frå sør, så frå natt til onsdag så vert det nok sannsynlegvis også plussgrader om natta også, seier Thaule.